Toppen fekk eg av gode pappa og Janne. Dei har fått med seg at eg er hekta på USA-print ;)
Denne dagen har vore minst like herleg som gårsdagens. Først grilling med gode vener i utestova, så skogstur med mamma, smoothie som premie, og koseleg tv-kveld med Top Model etterpå.
Gina Tricot har no laga ein eigen Exclusive-kolleksjon som snart kjem i utvalde butikkar og i nettbutikken. Plagga i kolleksjonen er kledde med paljettar i gull, sølv og bronse og osar glamour og par...
FOR eit nydeleg ver på Vestlandet i dag! Vi har lege på terrassen til mamma og sola oss, og ho har varta oss opp med is, frukt og middag i form av kyllingvinger og pomfri. Digg! Håpar alle har hatt e...
Då er festdagen snart over. Vi har fått oppvarting frå morgon til kveld med digg mat og koseleg samver med familien. Eg har også bytta antrekk tre gonger! Først hadde eg bunad, men måtte snart kapitu...
Eg vil ønskja alle lesarane mine ei flott 17. mai-feiring! Førebels har eg og min kjære ete deilig frukost hos mamma, før vi kledde på oss finstasen og gjekk med toget ned til skulen. Eg har på meg H...
Då er neglene mine pynta til 17. mai-feiring i morgon! Ikkje heilt lett å få til, men resultatet blei ok synest eg :)
I dag heidrar eg at sola gløttar fram, med gul genser frå Cubus og gul neglelakk frå Depend.
Kjærasten skulle berre ned på butikken for å handla inn til veka, men sjå kva han kjøpte med til meg! Skjønne rosa cupcakes frå Bakeverket. Og gooode var dei! Yummie.
Genser - VilaBukse - CubusSko - Nelly
I dag fekk eg meg nokre SVÆRT etterlengta timar hos Vivian Frisør på Husnes! Etterveksten min var heilt fæl, så det var verkeleg på tide. Eg sa at eg ønskte meg ein "kaldare" farge, fordi eg ...
Førre fredag såg eg Alexandra Joner på Senkveld, og vart heilt betatt! Flottare, kulare og blidare jente skal du leita lenge etter. Ho verkar berre så herleg!Ho er best kjent som dansar, men no satsa...
H&M får no kritikk for bildene av modellen Isabeli Fontana i sin nye bikinikolleksjon. Svenske og norske hudlegar seier bilda er med på å oppfordra til usunne ideal fordi modellen ser så brun ut....
No har eg meldt meg på ein konkurranse med litt blanda kjensler. Blanda fordi eg både synest det er flaut og litt artig på same tid. Side2 og Schwartzkopf skal nemleg kåra Årets blondine. Eg er blond...
Eg berre må må må tipsa dykk om eit nytt produkt eg har blitt heilt hekta på og som eg tilfeldig oppdaga i den lokale Kwi-butikken heime. Q-Meieriene har nemleg kome med ein ny type yoghurt som smaka...
I går gjekk MET-gallaen av stabelen i New York. Velgjerdsgallaen er arrangert av The Costume Institute ved kunstmuseet The Metropolitan Museum of Art (The MET) saman med Vogue og redaktør Anna Wintou...
Denne våren og sommaren er aqua- eller sjøfargar trendy. Eg er glad i turkis, og spesielt i form av smykke/armband/ringar. Dette yndige smykket med turkis stein kjøpte eg på Cubus i fjor. Eg kjem i s...
Heldige meg har ei mor som les bloggen min og som har fått med seg at eg er hekta på ting med USA-print for tida! Ho kjøpte med seg heim dette fine sjalet til meg då ho var i Pisa. LOVE!
Dette er ein veldig enkel DIY. Alt du gjer er å klyppa opp ei t-skjorte i mange tynne remser. Du vel sjølv kor langt opp på magen dei skal gå. Når eg var lita hadde eg ei rosa t-skjorte med slike fry...
Eg var lei den gamle headeren min, så no har eg laga meg ny. Kva synest du? Eg synest eg ser ein smule sur ut, men likar heilskapen :)Slik såg den gamle ut (nesten, fonten var annleis og fargane var ...
I dag blei det kjent at redaktør for japanske Vogue, den italienske motelegenden Anna Dello Russo (50), skal laga sin eigen kolleksjon med tilbehør for H&M! Med sin unike stilsans har ho blitt fo...
Eg har så lyst til USA! Det verkar som eit fantastisk land med så mykje spennande å utforska! Vennegjengen har avtalt at vi skal reisa neste sommar, så no er det berre å spara, spara, spara. No for t...
..frå Nelly. Er heilt hekta på tilbehør med delar som heng saman! Synest det er chic og rocka samtidig ;)
Desse englane er inspirert av lysekrona til Den gode feen, og er veldig enkle å laga. Kjøp engle-glansbilder, klypp dei ut, lim dei på viftebretta papir og heng dei opp i tråd. Dei minnar meg om barn...
OBS! Her kjem eit skikkelig skryteinnlegg ;)No har vi benka oss til venninnekveld med mykje godt på bordet, prat om alt og ingenting og generell KOS! På menyen står nybakt bananbrød, sjokoladejordbær...
Eg likar å samla på flasker og boksar, til kjærasten min si store fortviling. Mitt argument er at eg jo kan få bruk for dei ein dag, og det gjer eg faktisk ganske ofte! Derfor vil eg visa dykk det eg...
I Kristiansand kom eg over ei perle av ein interiørbutikk då eg var innom Sørlandssenteret. Den heiter Upstairs og hadde mange fine og unike skattar til ekstremt lave prisar! Førebels trur eg berre d...
No sit eg og meskar meg med ein frisk energidrikk! Den kan eg verkeleg anbefala. Kutt opp frukta du likar, (eg plar ha eple, pære og banan), putt den i blendar og bland i appelsinjuice (eller anna ju...
Eg fekk shoppa litt medan eg var i Kristiansand, og her er dei nyaste tilskota i garderoben min. Polkadot cardigan - Lindex Mintfarga paljettskjørt - Gina Tricot Denimshorts med naglar - Gina TricotP...
You are no longer following . Undo?