Nib Utfordring - Soverom


Ny månad og ny utfordring frå Nib. Det er alltid like moro! :) Denne gongen skal vi vise fram soveromma våre. Eg har vist bildene før, men det har ikkje forandra seg så mykje. Bortsett frå at det sjelden er så ryddig her ;)
Mykje kvitt med mange fargeklatter er det som går igjen hos oss. I tillegg er det ei god blanding av gammalt og nytt. Slik er stilen på soverommet vårt og.
Senga kan likne litt på ei blomstereng ;) Her snakker vi FlowerPower med sengeteppe frå Jotex, pledd frå Kid, sengetøy frå Princess og putetrekk eg har sydd av retrosengetøy.
Over senga kjøpt på Skeidar heng sider frå Pappa sitt gamle herbarium og eit vintagebilde av eit skip.
Arbeidslampa duger supert til leselys. Denne er gammal og frå barndomsheimen min. Nattborda har eg fått av nokon som skulle kvitte seg med dei. Eg hadde først tenkt å måle dei. Men det er eg glad eg ikkje gjorde :)
For meir soveromsinspirasjon kan du trykke her!
Ha ein herleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)
  • Love
  • Save
    1 love
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...