Litt meir plass å boltre seg på!


Vi har ikkje så stor tomt rundt huset vårt. Difor består uterommet vårt for det meste av ein stor terasse. Men ved sidan av terassen har vi planlagt garasje. Her er det komt opp ein mur, men så er vi ikkje komt lenger. Dette området har hittil vore brukt til lagring. Noko eg har sett meg lei av. For dette kan jo også brukast som uteområde. Som sagt så gjort. Vi fekk rydda. No er det på plass ein pallesofa. Og sandkasse til jentene er under arbeid. Vips, så vart det meir uteplass ;)
Sofus la sin elsk på pallesofaen med ein gong ;)
Sofaen er eg sett saman av 4 paller. Opp på har eg lagt ei madrass. Rundt denne har eg lagt på eit sengeteppe.
Sengeteppet har eg fått frå Dekoria. Dekoria har eit stort utvalg av tekstiler til heimen. Der er blant anna sengetepper for ein kvar smak, og dei syr etter mål om du ønsker noko som ikkje er standard. Sjekk ut Dekoria her!
Sofus har testa kvaliteten. Og han var fornøgd! ;)
Eg har og laga ein gangsti av trestubber som eg har spraymåla. Dekorativt og moro for jentene ;)
Fin helg til deg!
Klem frå Bjørg :-)

PS; slenger med dette innlegget på Nib si utfordring uterom.
Sjekk andre bidrag ut her!
  • Love
  • Save
    1 love
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...