“Kven vil bry seg viss me dør her?” spurte Raise som...




“Kven vil bry seg viss me dør her?” spurte Raise som me var på besøk hos i dag. Ho bur i Kafr Qaddum, og på grunn av demonstrasjonar i landsbyen vert heimen hennar utsatt for tåregass nesten kvar fredag. Sist fredag døydde den eine kua dei hadde, fordi den hadde blitt utsatt for tåregass, og dette gjer ho bekymra for familien.

Eg møtte Raise første gong for halvannan veke sidan. Me var på tur for å få demonstrasjons-observasjons-opplæring, og for å sjå situasjonen i Kafr Qaddum. Eg skjønte med ein gong at ho hadde mykje å fortelje. Ho prata og prata, og lot seg ikkje stoppe av at eg forsto mindre enn ein fjerdedel av det ho fortalte.

I dag gjekk me på besøk etter at tåregassen hadde lagt seg og guvernøren og andre viktige personar hadde reist heim. Med taxisjåføren vår Muawya som tolk fekk me i løpet av halvannan times besøk høyre historiar om øydelagte oliventre, arrestasjonar og frykt for soldatar rundt huset. Mora og den yngste sonen er særleg påverka av situasjonen, og dei har fått hjelp av Leger uten grenser til angst-behandling. Raise fortalte at ho alltid er bekymra for ungdomane sine og tenker på kva som kan skje med dei. “Me vil berre ha nokon til å høyre historiane våre”, seier ho. Og det er alt me kan gjera, vise solidarited og formidle historiane vidare og på den måten sørge for at dei veit at i alle fall nokon bryr seg om det som skjer med dei.

Det kjem nok meir om historiane til denne familien, og om demonstrasjonane i Kafr Qaddum på eit seinare tidspunkt.

  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...