mariell hjartesmil

tuesday.


tysdag åt me lang frukost, som me av og til gjer. me hadde ny marmelade som var perfekt mykje bitter.


så reiste eg mot stoke newington og studioa til hunting & narud, for å fotografera dei for eit magasin. dei var fine folk og det gjekk bra! alltid fint å møta nordmenn som gjer det bra i london.


etterpå shoppa eg. ein eller to gongar i året kjem det over meg, og da går eg alltid på beyond retro. eg prøvde kjolar, skjørt, underkjolar, genserar og cardigans, og endte opp med to perlebroderte ullplagg. får aldri nok av det!


så reiste eg heim og spraya ting gull. det er ein ny vane eg har, og snart er alt me eig gullfarga.


eg beundra min nye cardigan.


også åt me fin-lunsj. eg hadde så lyst på kafé-lunsj og tenkte at det kan ein jo laga heime. så på veg heim kjøpte eg med bra brød, økologisk honningskinke, paprika og juice. med sennep, agurk og lagra cheddar vart det så sjukt godt! sandwich-tips!


så hadde eg catwalk for jostein. dette er den nye genseren, den er midjekort og fantastisk.


omtrent sånn.


så jobba eg i senga med mango ved min side.


jostein kom med kaffi.


også åt me tomatsuppe til middag.


og spelte kort til det vart seint. verkeleg heile min tysdag!

*translation:
my tuesday! we had a long breakfast, i went to stoke newington to photograph hunting&narud, a design duo from norway, in their studios. it went well and they were really nice people, always nice to see norwegian people do well in london. i did something so exotic as shopping, and came home with two pearl embroidered wool pieces. can never get enough of those. i then went home to spray things gold, soon the entire flat will be gold gold gold. we ate a café lunch at home: good bread, honey roast ham, matured cheddar, mustard, red bell pepper and cucumber. and some really good apple juice. i catwalked for jostein in my new clothes, and ate mango in bed while i worked. jostein served me coffee in the office. we had tomato soup for dinner and played cards until late. and that really was all of my tuesday.

  • Love
  • Save
    3 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...