mariell hjartesmil

paris, day one.


på vår første dag i paris laga jostein frukost og eg jobba medan haleigh tok med seg dyna inn i stova og stupte ned på sovesofaen.


frukostperson. <3


så gjekk eg og jostein ut! typisk utålmodige på første feriedag.


me drakk dårlig kaffe, som ein gjer i paris, og såg på båtar på seinen.


så brukte me evighetar på å gå langs med marknaden langsmed elva, på rare og fine prints. me kjøpte to frukt-prints til å ha på veggen heime.


i løpet av dagen såg me heile tre brudepar på fotograferingsekspedisjon. får så vondt i magen av det meste av det, å sjå korleis fotografane fysisk flyttar på kroppsdelar for bildene og dei anstrengte smila. sååå not my thing.


paris viste seg fra si aller beste side.


og det var så varmt at me måtte eta is. hasselnøtt og lakris.


me lot oss sjølve ha ferie til den grad at me kunne gleda oss over avløpsrøyr.


så møtte me haleigh, som hadde jobba fram til da. eg tok antrekksbilder av ho ved elva, og kunne aldri få nok av at ho rista på håret.


altså så vakkert. me stod berre på brua og stirra på det vakre.


så gjekk me heim i skymringen.


og det vart middag.


og dessert. og episodar av the office. også sov me som to tunge steinar på sovesofaen, fulle av sol og mandelsjokolade.

*translation:
our first day in paris was purely magical. we took the day off, strolling around so much by the seine. we drank bad coffee and ate amazing ice cream (liquorice and nocciola), and observed three wedding photo shoots (i can’t ever imagine being in that weird situation where your wedding photographer actually moves your arms to where he wants them, so not my thing). i shot haleigh’s outfit photos for her, and we gazed at the city that was at the most beautiful i have ever seen it. then we went home and made dinner, had dessert and fell asleep like to tired clumps on the pull-out, full of sun and almond chocolates.

  • Love
  • Save
    7 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...