mariell hjartesmil

thursday on the go.


torsdag starta deilig og treigt med tente lys (og nye telysholdarar!) og ei stor kanne te.


så vart eg med jostein ut, han skulle på eit viktig møte og eg hadde tid til å vera den typen kjæreste som held i hånda. me reiste til chiswick, der det var så dødt at ein faktisk skulle tru det ikkje fantest levande menneske der. men fine pastellhus i ei heilt stille gate.


medan han var på møtet tok eg eit tog til hampstead, der alt er så fint.


eg gjekk på bokhandel og impulskjøpte eit par bøker som eg gler meg til å lesa.


eg teksta denne finisen, veera, som budde rett nedi gata! ho var heime og ville treffast til ein kaffikopp. ah, frilansvenner. <3


og ein mandelcroissant! me snakka om høgt og lågt og jubla litt over kor mykje me skal vera i london i vår.


då me var ferdige med kaffidrikking og litt jobbing, litt før fire, var det skumring og fint i hampstead.


på veg tilbake til toget bedra eg på sminken og såg sånn ut i min spegel/iphone. er verkeleg i ein raud leppestift-fase.


eg tok toget i solnedgang, tilbake til der ingenting skjer, for å plukka opp min elskling.


me var trøtte og blurry på toget, og så innmari innmari svoltne. så me reiste heim til new cross og åt fish&chips som eg slukte før eg eingong rakk å ta eit bilde. sjukt godt var det, og no vil eg eta fisk resten av året.


då me kom heim kollapsa me litt i senga. jostein laga gin&tonic med vår nye taxfree-gin også såg me to office-episoder på rappen medan me spelte nye levels på two dots.


så vaska me klede, drakk kaffi, handla mat på internett og såg på tv.


og sovna pronto etter vår første dag tilbake i london.

*translation:
on our first day back in london, i accompanied j on his way to an important meeting and then spent some time in hampstead with veera, waiting for said meeting to be over. i went to a bookshop and had an almond croissant, bettered my lipstick which i’m very into at the moment and then picked j back up again. we were starved by the time we got back to new cross, so we had fish&chips which i inhaled before i could even take a photo. at home, we had gin&tonics in bed whilst watching the office and playing new levels on two dots, coffee and blueberries whilst grocery shopping online and then we did some laundry, watched tv and promptly fell asleep.

  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...