–Å, neeeei! svara veslingen trist og rista på hovudet då eg lurte på kva som hadde skjedd.
Her er bror min og eg i 1983. Eg har nettopp vaska kleda til dokka mi (for hand i vasken på badet), og står og heng ut dei nyvaska kleda på klessnora (mi) i hagen. Eg hugsar den gode lukta av nyvaska...
Jif skurekrem med sitronlukt står på kjøkenbenken og briskar seg med veslebror i bakgrunnen. Og kven er denne veslebroren? Jau, det er ein body lotion (eller whip body lotion, kva no det tyder)...
Vesle Bæ fyller snart 1 år og 10 md. Sidan han blei fødd, har håret fått gro. Eg har klipt luggen to gonger av praktiske årsaker. Håret ser ikkje langt ut når det krøllar seg, men når det er vått, re...
Det er særleg fint å vera i Botanisk hage når det er sol og vår. Men alt i alt er Botanisk hage bra uansett årstid. Fordi det ligg midt i trafikken, men samstundes på ein annan planet. Sola skin ster...
For ei tid tilbake skreiv eg om eit syprosjekt med stjerner på. I helga blei eg endeleg ferdig!Dette er den tredje buksa eg syr av dette fantastiske mønsteret. Den første buksa var oransje, den tredj...
I dag var det fiskekaker med diverse grønsaker som stod på menyen. Medan eg stod og kutta gulrøter, kom eg på at eg hadde lese ein gong at for å gjera middagsmaten tiltalande for ungar, kan ein stikk...
Denne gongen er mørkeloftet-funnet litt av ein original skatt! Utanpå ser skatten slik ut:Det er faktisk ei bok! Permane er laga av papp kledd med stoff, og dette er side 1: Men det er ei ganske...
Eg har påskeferie på heimlege trakter. Det snør. Og snør. Og snør ... Poden er den einaste som ikkje ristar på hovudet og lurar på når det skal slutta. Så då er det berre å setja han i arbeid med å r...
Eg likar begge delar. Og endå betre blir det når den kalde og rufsete påska er over.
Eg har lenge vore på jakt etter ny liftgardin til kjøkkenet. Ho vi hadde inntil no, var fullstendig tilgrisa av innstorkna graut frå den tida poden byrja å eta fast føde + interessera seg for omgjevn...
Å, eg skulle så gjerne ha site oftare ved symaskina! Men det er ikkje så lett. Når eg skal sy, må eg ha overskot, det må helst vera lyst, og eg bør helst vera heime åleine. Ingen enkel kombinasjon. P...
Den vesle finingen har fått seg ei favorittleike. Det er ei gravemaskin, men han kallar doningen for GÆDD, av ein eller annan merkeleg grunn. Gædden må alltid vera med ut, for det er mykje å rydda op...
Skal du kjøpa éi bok til ungen din, kjøp ei av (eller alle!) vrimlebøkene frå Samlaget! Dette er bøker som varer i årevis fordi barnet veks med bøkene. Eit genialt konsept! Det er éi bok for kvar års...
I haust la eg ut bilete av denne ekorngenseren + bilete av endå ein ekorngenser som eg var i gang med. Og endeleg er eg ferdig med ekorngenser nr. 2! Poden syner fram resultatet: Det tok ti...
Når syklane kjem ut, er det vår! Juhu! Vi er så heldige at vi har arva ein finfin trehjulssykkel. Dvs. poden er heldig. Her om dagen fekk han prøva sykkelen for første gong, og det var suksess. ...
Influensa, øyrebetenning, biholebetenning, lite svevn ... Ja, det er nokre av grunnane til at det har vore dårleg med blogging for tida. (Det er ikkje eg som har vore råka av alt dette, vi har alle t...
Den vesle kjekkasen min har gått med kjekkasgenser i vinter.Oppskrifta på kjekkasgenser er frå fine Pickles, og ligg her. Dette var eit langvarig strikkeprosjekt. Ikkje fordi det var så vanskele...
Heime åleine i nokre timar. Luksuslunsj!
På Personligalmanakk.com kan ein laga seg personlege almanakkar. Eg har laga meg meg ein. Dette er framsida: Eg tok biletet av mora og dottera på landsbygda i Den dominikanske republikk hausten ...
80-talet er tilbake i heimen! Men eg vil påstå at dettemøbelet er finare enn det tilsvarande eg hadde på 80-talet. I alle fall reintfargemessig. Stoffet kjøpte eg på nettet for fleire år sidan. Eg ha...
For nokre år sidan starta eg ei spalte her på bloggen som eg kalla Heldige biverknader av å skriva nynorsk. Eg byrja spalta med å skriva om at nynorsk er det beste sjekketrikset. Tida er mogen for å ...
Ja, det ser vakkert og vinterleg ut, men mykje av snøen er faktisk falsk, laga av snøkanoner. Eg stod rett ved ei snøkanon då eg tok dette biletet, og det er pga. juksesnøen som virvla rundt i lufta ...
Pakkeliste for éi overnatting i telt i hagen:ei skoøskje med diverse gjenstandar ein kan få bruk for teikneblokkminst tre tjukke Donald-bøkerdiverse leiker vekkjarklokkeendå fleire bøker penner, tusj...
2. januar 2011: 5. januar 2012:
Eg fekk strikka nokre julegåver i år også, men som vanleg gløymde eg å ta bilete av alle. Desse strikka eg to par av: Dette er supervarme pulsvarmarar, strikka i Eskimogarn. Veldig enkle og raske å s...
Det er 28 minutt att av 2011, og frå sofaen heime hos mamma og pappa ønskjer eg alle dei fine lesarane mine alt godt for det nye året!
I fjor byrja eg ein ny trend med å pakka inn julegåver i glossy magasin-sider. Aldri meir skal eg kjøpa vanlege innpakningspapir-rullar! Men i alle fall, i år fekk eg endå ein lur idé. Eg har nemleg ...
Du abonnerer ikke længere på . Fortryd?