Hjelp! Kan noko gi meg litt Twitter-naudhjelp? Eg har freista å knekke kvitrekoden fleire gonger. Men den gong ei. Etter nyleg å ha fått fleire følgjarar på Twitter (utan at eg eigentleg har skrive n...
Heimstaden min bada i sollys. Sommaren brukar eg til å jobbe for harde livet. .. eg får jo snart eit koseleg brev i frå Lånekassa som vil ha pengar ifrå meg, så eg kan vel strengt tatt ikkje gjere så...
Om tre timar forflyttar eg meg i retning av Melbourne airport. I mellomtida stressar eg med ei siste essay-innlevering. Janne vs. klokka. Eg freister rett og slett å skrive noko som er verdt å levere...
I ein keisamt studieaugneblink, kom eg over ein litt spesiell promoteringsvideo for Bremanger. I heimkommunen min har vi ei nydeleg sandstrand som heiter Grotlesanden. Ei strand som på fleire ulike v...
Når det først skjedde hadde eg igrunn ikkje førestilt meg at det skulle skje på engelsk. I framkant av den siste og avsluttande oppgåve vi skal levere inn i radiofaget i juni, har vi no hatt ei lita ...
Medan ein leita etter noko anna .. Eg fann det plutseleg for godt å leite fram nye, spreke sangar som eg kan ha på øyret når eg er ute og joggar. Denne er nok litt for roleg for denslags, men eg fekk...
Vinteren har starta å feste grepet om studielandet mitt. Du tenkjer kanskje at ein australsk vinter ikkje kan vere stort verre enn ein dårleg norsk sommar? Tru omatt. Etter femtida på dagen, hentar e...
Eg måtte le litt då eg såg siste setning i det ferskaste brevet mitt frå Lånekassa. De hugsar kanskje at eg for ikkje så lenge sidan hadde ei brevutveksling med godaste Lånekassa. Der eg, ja, ikkje k...
Det er faktisk ingen gode grunnar til at ein skal slutte å leike seg når ein vert vaksen. Det er nok ei blanding av at eg kvar dag sit og trålar meg gjennom nettsider om trening, samt at eg no har pr...
Ein gamal klassikar. Denne trudelutten dukka plutseleg opp på spelaren min i dag. Den er ikkje ny, og videoen er ganske så merksnodig, men fengande som få! Korn – Word Up.
Når det gjeld laurdagar, er det igrunn ikkje så dumt å vere litt som born att. Etter at eg vende snuten mot Australia har eg kanskje vorte spesielt oppteken av å lage maten min sjølv, og då helst i f...
Betre og betre, dag for dag. Som de kanskje har lagt merke til, har bloggen min den siste tida fått eit visst preg av å ha blitt ein treningsblogg. Då det faktisk er motiverande i seg sjølv å skrive ...
UTFORDRANDE: Eg har ete tunfisk for aller første gong! .. og eg døydde ikkje! Då eg var mindre var eg ganske så kresen av meg. Dette førte til at det var enkelte ting eg ikkje åt i det heile. Så leng...
TESTING, TESTING: Sidan førre innlegg om norsk middagsmat, har eg gjennomført ei generalprøve på kjøtkaker i brun saus. Som observante blogglesarar har fått med meg, skal eg om ikkje altfor lenge ser...
Korleis går det an? Nyhenda om den ferskaste plata til Kent har gått meg heilt hus forbi. For tenk, dette svenske bandet som eg absolutt definerer som ein av favorittane mine, ga ut ei plate i juni 2...
Flaks at noko så godt som smoothie ikkje er noko ein treng å ha dårleg samvit for å slurpe i seg i kvardagen. Etter at Janet kom heimatt med ein mini-foodprocessor frå butikken eine dagen, har eg dri...
Eg diggar spreke fargar. Når det kjem til sterke fargar, då spesielt knall grøn, gul eller raud, har eg vanskeleg for å styre meg. Dette er fargar som gjer meg glad – og då har det igrunn ikkje...
Når etikk i australsk media vert omgjort til underhalding. Eg erkjenner det gjerne. Eg er ikkje ein stor fan av australsk fjernsyn. Kvifor ikkje? Fordi reklamepausane avbryt heile tida. Fordi reklame...
No då eg for alvor har starta nedtellinga til heimreisa, har eg vorte ekstra medviten over kva som gjer at Australia ikkje er like bra som Noreg. Eg er no offisielt kome halvvegs i semesteret mitt, m...
I dag er det nøyaktig tre år sidan eg tatoverte meg. For eg hugsar sjølvsagt datoen og settinga. Eg skreiv jo trass alt ein reportasje om det heile i Studvest. 18. april 2008. I dag vel eg å «feire» ...
Musikk-minner. Det er merkeleg dette, korleis enkelte songar gir deg assosiasjonar til settingar der du tidlegare har høyrt dei. Martin Solveig & Dragonette – Hello, sender meg til dømes al...
Laurdag ettermiddag brukte eg til å svelje salt sjøvatn i stramme klede. Eventuelt: Til å surfe. Dette er tredje gongen eg prøvar meg på surfebrett. Og sjølv om det ikkje er kjekt å erkjenne, så har ...
Denne songen får køyrt seg i kollektivet vårt for tida. Trudelutten har for så vidt vore på radioen ei god stund. Men når Janet ikkje har fått det med seg, for så plutseleg å oppdage denne grom-hiten...
Kva tenkjer du på når du høyrer «Sogn og Fjordane»? Bønder? Fisk? Umoderne? Bunad? Traust? Tenk omatt. Det er kanskje alderen som startar å innhente meg. At eg har blitt klokare og visare. Eventuelt ...
Saknet etter dei små lilla pappkartongane skylte plutseleg over meg. Det er tida for gule fjøyrkledde skapningar. For påskeharen. For egg, egg og meir egg. Påskekrim. Kryssord. Og elles andre ting so...
Nydeleg perle frå Adele. «Someone Like You» er, som venninna mi på Facebook skreiv, ein herleg song, ettersom Adele har ei heilt magisk røyst. Eg kan i same slengen oppfordre folk til å høyre albumet...
Rekk opp handa dei som trur at det er irrelevant korleis ein joggar. Nemleg. Veldig få hender der, ja. Etter å ha booka meg inn med ein instruktør på treningssenteret for å få innføring i intervalltr...
Venninna mi er over gjennomsnittet interessert i norsk tradisjonsmat. Når eg i dag opna e-postkassa mi måtte eg flire litt då eg såg at eg hadde fått ein e-post i frå ei gamal klassevenninne med titt...
Kva serverer ein til middag når kravet er «typisk norsk» og sluttresultatet skal vere noko ikkje-norske statsborgarar faktisk kan klappe seg på magen og sei er godt – utan å lyge? Fleire gonger...
Smaken endrar seg visst med tida. Og då er ikkje musikksmak noko unntak. Den første gongen eg høyrte Ane Brun fekk eg nemleg assosiasjonar til ei særs gamal dame med strikketøy på fanget, grått hår o...
Du abonnerer ikke længere på . Fortryd?