ein kopp kakao med kanel i. dei to siste dagane har eg prøvd og prøvd å lesa. nokre gonger har eg lese i feil bok. og så har eg laga skisser av det framtidige rommet mitt. og så har eg laga liste med...
oppturar og nedturar. idag fekk me oss hus for høsten! og nett no hoppa hjarta mitt for niande gong. eg fann just eit klipp med boy lilikoi og fine tarkovskij-scener. hjartebrus.
eta elleve små oreos-pakningar. sitte lenkja til senga for å lesa "the lovely bones". drikka te. gå forbi borna som sit på museet og ét iskrem. eta eple med vaniljekesam. sakne heimen (på ein...
vår! vår og skjørtedagar. og fin liten kinesarnabo som heng hjartekort på døra mi med fine teikningar i. (så eg teipa ein sjokolade på døra hennar.)inatt dansa eg til dei sa eg måtte slutte og ljoset...
ah, det er så godt å endeleg trena igjen. særleg når fine solveig-stråla vil vera med. ho har frekner om vinteren, til og med. så fin er ho. igår så me barfuss, ein fin tysk film. mann forelskar seg ...
prøve alle kleda. rydda rommet. inga plagg passar. og det vert ikkje ryddigare. fordi eg må rydda opp inni meg. kjenne at eg passar i meg sjølv. fyrst då kjem eg til å setja meg ned, smila, ta opp ei...
våren er her. og eg har sommarfuglar i magen.
korleis klara å lesa om produkt og reaktantar, når eg har allverdas reaksjonar som føregjeng inni meg. korleis konsentrera seg? klarer ikkje. eg er ein svær haug med aukande entropi.særleg når eg får...
å finne ut at huset ved sjøen (heimen) skal seljast ein gong. når ein ikkje kan eller vil eta fordi ein tilhelga-tilhelga skal sjå han igjen. at det er kaldare enn i går. å veta at ein ikkje skal hei...
eg er sjuk, og vil berre at nokon skal baka bollar til meg. igår låg eg berre, las når eg kunne. i dag ligg eg berre, les når eg kan. igår var butikkdag, men eg orka ikkje. no har eg ikkje mat, borts...
eg minnest aldri kva eg drøymer. eg vakner berre opp med ei kjensle av eit eller anna.så eg farga håret. eg tenkte at kanskje 19 ikkje var for ungt til alt, til han, viss eg gjorde.eg høyrer på ljoda...
nett laga banan- og kokoskake, for så å finne ut at eg må eta han åleine. men det er greit, eg har jo heile elleve kvadratmeter å boltre meg på. og held ikkje det, må eg gå ut. ut i våreftanen.eg høy...
eg har vorte tante att. til lille-dagmar. ho er så fin at eg må grina når eg skriv dette. eg såg ho for fyrste gong idag. etter åpent bakeri med rørt jordbærsyltetøy og tog. eitt bilete fekk eg. dagm...
så herleg sliten i ryggen at eg har lyst til å sova og sitje oppe heile natta og lese og drikka chai med melk og sukker.og han eine som gjeng forbi og smilar sjølv om eg ikkje kjenner han (kvar gong)...
setje på circling på plate, på spotify, på lydfil, på youtube. alt på ein gong. det er i tomromma eg omtrent ikkje fær pusta. det er nesten inga tomrom. fint. eg fann biblioteket i dag, og sat der og...
her er eg. her har du meg. ut av vindauga er det berre snókrystallar og frosne fingre.eg vil skriva og eg må skriva. om alle smila eg fær, om fargane som gjer meg gladare enn noko anna og om einsemda...
You are no longer following . Undo?