I dag går eg i tøysko, hårband og gul lakkveske medan varm luft stryk meg i nakken. Ordentlege sommerklede. Eg er vinterbleik, men smilar likevel.
Sjølv om eg nesten smeltar i sola gir Natalie Portman meg forsatt frysningar. Berre fordi ho er så ubeskriveleg vakker.
Foto: Thea Emilie H. Wang Å kjære, vakkre, gledesfylte sommarvêr. Ver så snill å sei du er komen for å bli! Ut frå iPoden min strøymar orda "life is wonderful", og eg nikkar entusiastisk og s...
Nokon gonger treng eg å ikkje gjere det eg eignetlig skal gjere og heller teikne fargerike, mønstrete fuglar.Så medan eg venter på å ikkje vere sjuk lenger gjer eg akkurat det.
Nasjonaldagen i 2011 såg slik ut gjennom ei analog kameralinse.Så langt på nasjonaldagen i år har eg åte ein frukost som var ein nasjonaldag verdig, kjøpt is sjølv om det småregna og dansa gjennom Be...
I år er eg russ. Derfor et eg frukost i ein rundkjøring, feirar bursdagen til ein lærar som ikkje har bursdag, et ein ostepopp-pose på 7 minuttar og den slags. No skal eg kose meg med dei finaste rau...
Eit orange skjørt og prikkete strømpebukser. Hurra for fargar og mønster!
Torsdagslukka var då eg fann ut at det skulle vere loppemarked på Rothaugen skule i helga. Laurdagslukka var då eg åt frukost med mor og far, fortalte dei eg skulle på loppis, og dei sa dei ville ver...
Konfirmasjonar er så koseleg. Folk seier fine ting om den unge, gøye historiar frå dei var bittesmå, gode råd vidare. Me åt fruktsalat og ostekake, som er noko av det beste eg veit. Eg gjekk i grøn s...
Starta dagen med ein skikkelig dårleg skuledag. Så bestemte eg meg for at det skal ikkje få øydelegge dagen min, og straks vart alt litt beitre. Eg henta bileter som var ferdig framkalla. Det var kaf...
Eg blar i ei barnebok om korleis biene lagar honning og venter på at bakken skal bli tørr igjen, så eg kan gå med småsko.
Fortida fyller alle år. Og no som byen har tatt på seg vår-smilet er det perfekt å ta på seg blomekjole og gå å feire folk du er glad i. Siden nokon av oss er russ i år var det mange raudkledde med p...
Eg gjer det same som eg gjorde då eg var nokre knappe år; er ute i det strålande vêret og smilar med stor munn. Har dessverre ingen ballong. Men er like glad.Ha ein fin dag du også!
Sola smilar sitt største smil og gjer at eg vert raud og varm i kjakane. Eg skulle meir enn gjerne gått gatelangs, uten strømper og med raud neglelakk på tærne, i Vika Gazinskaya sin heilt nydelege k...
Å klippe meg kort er nok ein av dei beste avgjersla eg har gjort. I alle fall som eg kjem på. Einaste eg sakner er å kunne bruke små strikk med blomar på eller feste i ein fin hårnål. Derfor fann eg ...
Fordi eg finn så mykje glede i å klippe i stykker og lime saman igjen. Fordi eg har ei evig kjærleik for haustfargar, samstundes som eg elsker våren og alle fargane den tek med seg. Derfor, litt haus...
Det var den kvelden me var invitert til Elisabeth. Ho hadde bursdag og var årets vakkraste bursdagsborn, og me hadde med bursdagsvin. Det var den kvelden me dansa masse masse og Johanne var linselus....
Borneselskap er kanskje dei beste selskapa eg veit om. På søndag feira eg 10-årsdagen til min fetter Magnus. Besøket var i aldersgruppa sju månader til litt over 50 år. Den beste aldersgruppa spørr d...
I dag har du bursdag. Derfor vill eg gjerne sei gratulerer på alle moglege måter. Fordi me ler høgare enn alle andre. Et kake frå midten. Sender mentale rosehager til kvarandre. Drikk solbærtoddy i s...
Endeleg! Eg har venta i ei æve på å bytte ut lua med hatt, og nok kan eg det. Det åleine er nok å smile for!
Sola skinner enno, og me hoppar inn og ut av skugga frå dei enorme bygningane. Me vinkar til Frihetsgudinna og sett oss ned på sout street seaport for å puste litt. Eg lukkar augo, vender andletet mo...
Alt som er fint og sjarmerande og gøy og bra har Grandmas Tea Party samla i den heilt nye musikkvideoen dei slapp i dag! Rykande fersk sjarmbombe innspelen i London. Eg har aldri i heile mitt liv bli...
Hei. Er du i byen? Finne på noe i solen? :) Det endte med at me gjekk tur til Fløyen. Tre gutar, to jenter. Kveldssola klarte ikkje heilt å bryte gjennom det gåre skydekket, men titta fram i nokre sm...
Den første dagen i eitt nytt år ein kan henge frå seg ullkåpa og gå med dongerijakke er alltid littegrann magisk. Derfor hoppa eg rundt i byen med nye sko og var supergira i finvêret. Eg lånte 10 CDa...
To kveldar me plugga i diskokule og dansa akkurat slik me ville. Ein kveld med Jonas Alaska og ein kveld med Forza. Eg helste på nye andlet og vart glad då dei nye var superhygglege. Akkurat kva me s...
Fredag var ein god dag. Rundt ettermiddagstider pynta eg meg sånn passe mykje, gjekk ut og kjøpte fransk raudvin. Med Mikhael Paskalev billettar i jakkelomma reiste eg til Marte. Saman med Ingvild og...
Noko av det beste som fins er å glede seg til ting. Ha noko å sjå fram til. Denne veka gleda eg meg til eg og kjærast skulle gå på café og planlegge interraileventyret 2012. Eg hadde solbriller på na...
Forleden dag henta eg nokre bileter eg hadde levert for framkalling. Det var bileter frå eit eingongskamera, og eg hadde inga aning om kva som var på det. Då eg bladde meg gjennom bileta såg eg til m...
Håper du får ein fin torsdag! Ta på deg blåe sokkar eller raud lebestift og gjer dagen litt meir fargerik. Det skal eg gjere! Då vert ikkje alle dei keisame tinga eg skal gjere så gråe og triste.
Det er vanskeleg å snurpe inn ei heil veke med endelause inntrykk og store auge til nokre fattige linjer. Men eg gjer eit forsøk likevel.Lang, lang reise som ender i eit møte med Jake og Elwood Blues...
You are no longer following . Undo?