det er det eg har valt å kalle den nye bloggen: Pastelldraum ..og du finn den her!
Hei der! Eg vert litt smigra når eg ikkje har posta noko på evigheiter, og framleis er det opp til fem som er innom på ein dag, (sjølv om eg veit at de mest sannsynleg er pappa, Eldrid (systra mi), o...
Mi fyrste julestjerne er hengt opp, og eg har planar om å lage mange fleire. Dei skal henge i vindauget og snurre for seg sjølv. Alt du treng er telys. Når du er i ferd med å kaste metallet, tek du...
Sat der åleine. Maula vind. Saman. Dei drakk te av koppar. Knuste. Alle såg. Alle tenkte. Ingen handla.
Eit fotografi, ei teikning, eit måleri, eit tre, ein skog, eit alveland, eit dikt, ei novelle, ei bok, ein idé, ei historie, ein person, i eit eventyrhus i eit eventyrland.
Eg lurte deg litt, for lykta mi er ikkje laga av mais, men av noko som før var mais oppi. Mykje kan gjerast med ein metallboks dersom ein har hammar og spikar, litt svart stoff, pluss ei gitarstrengf...
Han strekkjer kvar ei grein, kvar ein kvist, kvar ein finger opp frå rota, opp i det blå, ut i det blå.
Når du er her, har eg augo opne. Blunkar sjeldan, så sjeldan som råd, for å sjå deg , mi notid, så ofte som råd. Når du ikkje er her, let eg augo att. Opnar dei sjeldan, så sjeldan som råd. Man...
Me prøver berre å passe inn, men verda er for stor, og kroppane våre for små.
Kva er summen av alt og ingenting? For alt er jo evig mykje, og ingenting er evig lite, og kanskje endå mindre. Likevel høyres det ut som mykje meir, om ein legg ingenting til alt, for det tek jo opp...
Det regnar, men det gjer ikkje noko, for eg går under paraply når eg er ute, og har alle slag stearinlys, samt alle slag varme drikkar å varme meg på når eg sit inne. Dessutan er det så fint når det ...
Det var på moten med fletter, så me fletta alt som var: hår, hårband, lamper, inventar. Så blei det ikkje lenger like inn å flette seg: folk fletta aldri hender, såg olmt på deg og meg Me ville...
Eg har skaffa meg profil hjå listography.com. Det kjem nok mange fleire lister, men enn so lenge er der berre nokre få. Her er i alle fall ein link.Elles har eg hatt ein fantastisk ferie med min kjær...
Det fins so mange ord. Korleis kan det då ha seg at det somme tider ikkje fins nokonsom strekk til?
Mi fyrste natt i Nederland sov eg på skumgummi, og rundt meg/oss såg det slik ut:Men det var berre for ei natt. Og eg trur kanskje eg hadde blitt litt svimmel av tapetet i lengda..Min fyrste dag her,...
Kan ein drøyme seg vekk når ein har føtene planta i bakken?Berre ei kjapp skisse, for at utanforståande skal forstå.
Eksamenslesing, samt alt anna, som får ein til å ynskje seg langt langt vekk,kjem seg betrakteleg med den rette musikken.Akkurat no høyrer eg på nokre av favorittsongfuglane mine.Kven er dine favorit...
Om ein faktisk trur at der ernoko meir,er ikkje det då einskapingsprosess?
Åh, for ei original overskrift. Og for eit originalt innlegg det som regel er. For det fyrste heiter det antrekk, og dagens kan ein, eller bør ein i alle fall ikkje skrive på nynorsk. Då skulle ein h...
Å flytte betyr so mangt. Akkurat no betyr det ein ny hybel, ei ny verkelegheit. Ein ny start.Men det betyr også rydding, pakking, og vasking! Ein ryddar slik at ein kan sjå kva ein eig. Ein pakkar ne...
Bruspulveret som fekk det til å boble, som eg skreiv i førre innlegg, var ein e-post med ei gladmelding.På fredag fekk eg vite at eg er månadens poet på db.no!Diktet eg vann med er Regnbogegarn, som ...
Eg kjende meg litt som ei sånn ei på fredag. Då hadde eg bobler i blodet. ...
Tankane er som bordtennisballar. Dei sprett fram og tilbake. Og dei er so mange, som om hovudet er eit bordtennisballager. Og det er overfylt. Like før, eller etter det renn over. Dei kan ikkje spret...
Ei ung møy sprang om kapp med sitt lette sinn. Naivt. Det lette vann alltid, men ikkje fordi ho var treig. Det var fordi det var så altfor snøgt i omvendingane, det ville sinnet hennar. Lurte henne t...
Tru om Gud er ei kvinne som strikkar relasjonarretta og vrangamaske for maskeav regnbogegarn
Eg kunne ha skrive, teikna, eller fotografert noko. (Eg har litt lyst.) Men så måtte eg synge i staden for. Ein konsert. Fem so...
You are no longer following . Undo?