dette er tidene eg skal lære meg å leve i lukke auga og sjå verda opne dei og gløyme ho langs vegen skal eg snu meg mot folk ryggene deira mot skogen, byen, ørknen framfor er horisonten, det kvitaste...
eit dokument med 86 sider omlag 13500 ord fordelt over prosadikt og lyrisk kortprosa skal på mystisk vis forme seg til ei bok og forfattaren sit i denne augneblinken og drar seg i håret gøymer andlet...
eg strekker meg mot deg i hendene held eg orda rekker dei til deg som mogne fruktar bær du kan ta inn i din munn mellom tennene som du kan knuse mellom lippene og dei skal vere søte og sure vere mjuk...
vi trekker pusten mørkret i orda alltid ei skugge skugge sol skugge alt er stoppa opp trekker vi pusten ser vi det ein augneblink eit andlet eit mørker
eg har vore heime på ferie, i jula, eg budde litt hos mamma på tertnes og litt i ein gedigen leilegheit på skansen med utsikt over heile bergen og det var som å vere i ei anna verd, eller iallfall ei...
idag sitter eg på trikken frå solli plass til birkelunden, har gått med d frå birkelunden tidlegare til solli plass, ho har spurd meg om eg kan syne ho vegen, klart, har eg sagt og vi har gått, vi kj...
og det er for, det eg for deg den sumaren eg går gjennom byen, du som trekte jeansane ned over hoftene med eit hjarte under trusekanten, du sa det var kjærasten som gav det til meg då eg var seksten ...
eg ser blodet trekke gjennom skjorta di eg ser ryggen og eg ser brystet og eg veit korleis du ser ut under skjorta og eg river han av deg ser det sønderslitne kjøtet mitt i brystet, kula har snitta a...
på veg ut frå ein utestad har eg hendenen hans i fingertuppene i mørkre er lysa tusenvis vi skal sjå kvarandre i auga, lene oss mot brystkassene eg skal trekke inn lukta frå kragebeina han lsgropen s...
les alt du kjem over gløym alt når du skriv lytt til alle råda du får gløym alt når du skriv tru at du er god nok tvil medan du skriv tvil på at du er god nok tru medan du skriv skriv vidare, sjølv o...
fordi eg tenkjer det er det ho ville spurd meg om, om eg sat framfor stolen hennar der, så spør eg meg sjølv om det, sola går ned over byen klokka tre og eg er på veg heim, frå blindern, har vore på ...
Ingen hadde sagt at det skulle bli sånn. Ho kjente lukta av linoleum, ho hadde visst korleis det var å ete av papp og gå i flisbukse og tøflar kvar jævla dag, men ingen hadde sagt at det kunne bli så...
eg kjenner gud og eg kjenner ord om gud eg kjenner guds ord og det er ikkje det same eg har stått framfor verda og eg har stått framfor gud eg har stått i kjerker og i han har hatt vinen og blodet på...
over heile golvet er det folk slengt mellom tepper og puter og gjennom høgtalarane straumar det raudvin over dei blå lippene musikken er mjuk, som huda di som ligg inntil meg, fingertuppene stryk meg...
det er ein av desse mjuke dagan, vi høyrer på duke ellington og g ser på pakkene han fekk i går, kaffien på sofabordet er blitt kald det er mandarinar og pepperkaker igjen frå kvelda før det er sunda...
alltid med auga lukka alltid meir lyttande enn lydande korleis kunne ord fange det som skjer når røysta brest
eg elskar denne songen som så sjukt mange andre, men eg likar òg denne videoen, eg elskar å sjå det folk tenkjer på som tidlause songar frå sånn dei blei framfør då dei var nye, i tida og staden dei ...
å legge seg i elva og la vatne renne over ein dette som er tida, dette som er verda å setje seg ned i gata i regnet å alltid skulle vere her imellom bladsørpa og sølevatnet og dei blågrønne brevatnet...
ikveld legger hudene seg i faldar og kviskrer løyndomen frå hårsekk til hårsekk kryper midden saman, midd og bakterier frå handflatene gjennom sveitten og virus frå lippe til lippe, i spytt heilt usy...
når du er borte losnar hjartet, løysast ut som eit nøste ein ball av garn fanden tek det med eit smil vår elsk, vår kjærleik i ein ball av garn for kvar ein vri kom attende vi må elske på ny han frir...
frå latteren spenner alle musklane i andletet til sorgen stryk ut spenninga og gjer ein mjuk og tom som pelsen frå eit daudt dyr
eg ville møte deg ville kaste grus mot vindauget ditt ville vekke deg, ville sjå deg stå der i bar overkropp bak gardinene vuggande i vinden, eg ville vite kva bokser du hadde på deg, ville høyre nas...
tenkjer på sophia, men eg eg tenkjer på deg, der du låg med håret spreidd ut over puta blinkande i gatelyset utanfor vindauget og huda du var kvit under mi sittande over deg ville du vite det kunne e...
det finnest hud, det finnest hår det finnest kalde auge blå og brann som brenner ut i sår så du forgår, så du forgår det finnest hud, det veit eg visst der tårer tørker, heilt til sist det finnest kj...
denne røyken som fyller loftsrommet du sitter under vindauga du som bles over andletet mitt ein dag regnar det og eg blir våt som før eg låg meg i senga di, før vi gjekk gjennom byen før du røykte me...
desse ordene er strekene i sanden du vrir deg i, sanden snikande inn i skoa, sanden som renner ut over gulvet når tek av deg badetøyet, sanden i dei små håra dine, sanden som klør, sanden du bryskt b...
som snik seg innpå deg som brenner deg i handflatene i kinnene, det svir under augelokka, på øyra i alt du har tatt i svir det med alt du har tenkt med svir det for korleis kunne du tru det korleis k...
folket har funne sin stemme, dei har funne lyden av stemmebanda i rørsle lufta gjennom halsen dei har funne at dei kan snakke, dei har funne lyden i rørsle, saman har dei funne dei kan snakke dei har...
dette er staden eg kjem i frå borodin og warren g eg kjem frå tida då internett var ny, hacking var det tøffast frå tida før the matrix, før steve urkell blei hepp eg kjem frå born on wings of gentle...
weep o mine eyes, weep o mine eyes, weep o mine eyes and cease not o, o when, oh when begin you to swell to swell so high that i might drown me in you, that i might drown me in you - weep o mine eyes...
You are no longer following . Undo?