Livsteikn igjen, gitt Ja, om du ikkje har fått det med deg, så har det vore litt stille på Kvitter i det siste. Eg har likevel skjønt at folk framleis er innom og les og sånt, og det er jo kjekt. Og ...
Eksamenane er ferdige, så langt veit eg at eg har fått ein A og ein B! Eg ventar spent på dei andre to!Imens har Fredrik komme med jolestjerner til meg, så Storesvarten har pynta opp litt.
Kven har yoshibarna ikledd nisselue i dag?
Snøen lar vente på seg, så Storesvarten gjer sitt for å laga jolestemning i heimen. Og sova, så klart.
Latsabb.
Eg laga alt med iPhone-en. Og no merkar eg kor lett det er å vingle mellom "vi" og "me" (dei små skal jo seia "me", eigentleg). Eg treng ein korrekturlesar.
Eg drodla litt på styremøtet i studentmållaget. Kos.
Frode Grytten er ein pervers odding som skriv gode bøker. Det nyaste tilskotet i denne spennande bibliografien heiter Saganatt og er ein trilogi om tre menn i Lund-slekta, men det er berre i den midt...
Har du sett på Uti vår hage?Kremtoppar og Mokkabønner må alltid stå hulter til bulter, og det gjer dei enno! Artig med det.No sit eg på kontoret aleine og les gjennom denne vekas avis. Dette er ein j...
Hepp! Det blei visst ein lang periode utan at eg gav lyd frå meg, men i kommentarfelta har det ikkje vore stilt! Eg har vore innom og lese og godkjent ein masse kommentarar på både gamle og nye innle...
Hei! Tenkte eg skulle poste eit livsteikn!Den siste tida har eg funne alt anna å halde på med enn å kvitre. Noka unnskylding eller forklaring tenker eg ikkje å komma med, men her er eg no.Sidan sist ...
Sitat frå før eg lånte Mac-en til kjærasten min for å skrive innlegget: "Kan eg låne Mac-en og blogge?" - "Korfor skal du det, det er jo ingen som les det." :-C Hepp! Denne gongen har...
Så var eg i Berlin igjen! Kva er vel meir naturleg enn å ha med seg nokre Yoshi-barn i kofferten? Denne gongen var det Lillegrønn, Lillerosa og Lillesvarten som fekk vera med. Det første dei forelska...
For å verkeleg markere at eg har begynt å blogge nokolunde normalt igjen, er det på tide med eit innlegg med bilde av nynorskskilt på Grensen Libris. Og det var den daglege dosa nynorsk frå hjartet a...
"Kva er mest konservativt?" No har eg jobba ei lita stund med å redigere tekst og lesa korrektur på deltid i ei ikkje ukjent nynorskavis. Det er ein jobb eg trivst godt med, og når eg no skal...
Språket er ikkje laga til å skildre terroråtaka i Oslo og på Utøya 22. juli. Eg skal likevel skrive eit innlegg til minne om ein av dei omkomne, Håvard Vederhus, som har betydd og betyr mykje for meg...
Mange fine stunder, mange rare blikk, mange fine bilde! 9;A 279;
Når eg først har begynt å dokumentere all nynorsken hos Libris i Grensen, så kan eg jo ikkje slutte? Eg har ikkje vore der på år og dag no, men i dag var søs og eg innom ein tur for å sitta i kafeen ...
Draumeyrket mitt er jo som kjent å vera samnorskkonsulent, dvs. utforme offentlege skilt og liknande slik at dei fungerer på både bokmål og nynorsk. Då slepp ein å krangle. Det er stort sett to utfor...
Eg tok visst ferie for ein månad sia, eg burde kanskje ha skrive noko på bloggen, men det er ikkje så veldig mange som har masa, og dei som har masa, har iallfall ikkje trudd eg var daud. Så verda st...
I dag var kjærasten min og eg på IKEA saman med to vener. Det heile var ein koseleg tur og vi fekk kjøpt mykje fint, men på veg tilbake til Oslo sentrum oppdaga vi at sjåføren av IKEA-bussen hadde ei...
Her om dagen kom mamma med eit brev til meg. Det var frå ein ivrig lesar eg har blitt kjend med. Yoshi-ane fekk tak i det, for mot slutten stod det at eg skulle helse til dei. Slik gjekk det føre seg...
Eg kom over denne saka på TV2-nyheitene. På Nav-kontoret i Vadsø har dei tilsette kontakta Den norske kyrkja etter å ha opplevd "ubehag i bygget". Utruleg nok har kyrkja faktisk rutine på det...
(Kjose - kys - kaus - kose = å velje, tilsvarande engelsk choose - grådig kult verb!) I går var det andre semifinale i ESC, og no er det klart at alle dei nordiske nabolanda våre har fått ein finalep...
Her kjem ein bilderik gjennomgang av førre veke! Gråvêr og finvêr Den siste veka har liksom markert overgangen frå grumsevår til sommar, eller noko slikt. No blir det heilt sikkert gråvêr igjen før s...
Skuffa over begge partar Eg har så klart følgt striden om sidemålsvedtaket til Høgre, og eg er skuffa over begge partar. Høgre-politikarar som seier dei vil ha "nynorsk som valfritt sidemål" ...
Nokre lesarar ville at eg skulle skrive litt om det eg snakka om på nynorskkurset. Det kan eg sjølvsagt gjere: St-verbSt-verb er verb som "å skjemmast" (skamme seg), "å møtast" (treff...
Aller først: Nynorskkurset gjekk bra, synest eg. Det var ikkje så mange der, men det var like greitt. Eg håpar og trur dei som var der fekk noko ut av det. Eg fekk gått gjennom det meste av det eg tr...
Du har sluttet å følge denne bloggen . Angre?