mariell hjartesmil

10 july favorites.

her har eg samla nokre av mine juli-favorittar: instagram, youtube, film, vin og kake. og ein del andre ting! har de nokre favorittgreier frå juli? kanskje dei kan bli mine august-favorittar?

1. PERSON: jostein jostein jostein.
som sa ja og som er det finaste mennesket eg veit om for at han legg armane rundt meg når eg tek oppvasken.

2. INSTAGRAM: tiempodecerezas.
gjer meg glad og gir meg reiselyst.

3. YOUTUBE: penny schulman.
mote-ikon og sitatdronning og fire år.

4. FILM: 1001 gram.
eg elska elska elska denne filmen. den er stille og tek seg tid, og eg har sjeldan sett ein film som gjer det som i bøker. sjå den.

5. TV-SERIE: true detective.
jostein og eg har såvidt komt oss i gang med andre sesong av true detective, men enn så lenge så er det det same mørket og seige som eg elska i sesong ein. nokon andre som har sett?

6. OPPSKRIFT: gateau basque.
klassisk fransk kake som jostein, synne og eg åt opp. altså heile kaka.

7. HÅRSPRAY: oribe dry texturizing spray.
denne sprayen får håret mitt til å sjå ut akkurat som i draumane mine. brukte denne i bryllupet, elskar den og gruar meg til den blir tom (pga dyr).

8. PODCAST: filler podcasts.
podcast om kreativitet og innsyn i folk som ein ellers ikkje høyrer så mykje ifrå. superinspirerande!

9. ROSÈVIN: cabernet d’anjou (ackerman).
omnomnomnomnom. dette er min beste vin akkurat no.

10. MATT PUDDER: glo minerals matte finishing powder.
eit bryllupsinnkjøp som eg no brukar kvar dag istadenfor foundation concealer. den jamnar ut huda akkurat så mykje som eg treng og gjer min blanke hud matt. elllllskar den!

*translation:
these are my july favorites! what are yours?

  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...