mariell hjartesmil

friday link love.


hei, fredag! så fin du er! me vakna tidlig av sola som kom inn vindauget og brukte den første timen på å eta frukost og lesa og ha mailforbud. i dag skal eg fylla dagen heilt til kanten av glaset, jostein og eg starta på jobben ein time tidlig så me kan slutta ein time tidlig óg, berre ta det heilt med ro i kveld, bytta laken på senga (min guilty pleasure) og bestilla takkekort og bryllupsreisen vår! me har funne det søtaste b&b-et i toscana som me vil bu på, det er heilt uverkeleg at me faktisk skal på denne reisa! tusen takk for at de har vore så ufattelig fine i kommentarfeltet denne veka, merkar korleis det gir meg ein ekstra dytt i bloggproduksjonen, eg er full av idéar og energi for hausten og det er ingenting som gjer meg så glad som det. vil klemma alle saman gjennom skjermen. av og til skulle eg ønska blogging var meir som youtube, at ein kunne trykka tommel opp om ein likar innlegget og ikkje har lyst til å kommentera. kanskje det er noko å tenka på, ein ny funksjon? uansett.

denne veka har eg oppdaga eit nytt sjokolademerke, kjøpt ei vekkerklokke som er darth vader til nevøen vår som fylte 7 år (me skypa med han i går og jostein spurte han kva han hadde gjort på dagen sin og da himla han sånn med augene at ein såg berre kvita og meinte at sånne latterlige spørsmål kunne han spara seg for når ein faktisk har bursdag), ete thai-middag med mariell og antony og skrike til skjermen på great british bake off (vår tv-obsession som alle ser på og snakkar om her i england).

eg har sjølvsagt óg samla linkar til dykk! ganske godt og blanda, håpar de likar dei!

*translation:
hello, friday! you look good! we woke up early from the sun and spent the first hour of the day just reading and having breakfast, no email allowed. today i’m going to fill this day to the brim, j and i started work an hour early just so we can get off early too, just relax this evening and change the bed sheet (my guilty weekend pleasure), order thank you cards and our honeymoon! we’ve found the cutest b&b in tuscany we want to stay in, it’s hard to believe we are actually going! thank you so much for your wonderful comments this week, it really gives me energy to keep going and i feel so full of ideas for autumn, nothing makes me happier. i want to cyber hug you all! sometimes i wish blogging was like youtube in the sense that you could just click the thumbs up if you didn’t want to leave a comment. maybe something to think about for a function? anyway.

this wee i’ve explored a new brand of chocolate, bought an alarm clock that is a darth vader for our nephew who turned 7 (we skyped with him yesterday and when j asked him what he had done for his birthday he rolled his eyes so hard at the ridiculousness of having to answer such mundane questions on his own birthday), had a thai dinner with mariell and antony and yelled at the screen during the great british bake off.

i’ve also gathered some links for you, of course! hope you like them,

  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...