last week through my phone.
eg rørte omtrent ikkje kameraet mitt heile forrige veke, berre sånn det vart heilt enkelt. men mobilen hadde eg ved min side tjuefire timar i døgnet. veka starta med matfotografering! jostein holdt reflektoren og smygåt på alt som fanst, som det ofte blir. har bestemt at mitt neste store prosjekt blir å laga kokebok (men bildet eg tok var altså for
økologisk, skal sei ifrå når den er oppe!).
finlunsj med to rettar fordi jostein var sjuk. her er første retten: yoghurt, frukostblanding, kiwi og juice.
møtte ein rev på kveldstur! eg vart redd, men han var reddare.
sengeklede som får tørka i sola, luktar SÅ godt.
turnips på borough market.
innspeling av podcast med sara ein tom glitterneglelakk.
minestronerest til lunsj med masse persille.
helga vart den kjedeligaste i verdenshistorien sidan jostein har vore så sjuk. men laurdag gjekk eg ein lang tur og forbi dette treet som var så vakkert.
og ein måtte ha solbriller på. mine
små grå held på å bli ganske lange grå og eg smiler kvar gong eg ser dei i spegelen samtidig som eg gler meg til å komma meg til frisør og fresha opp til våren!
og eg syns synd på jostein som måtte oppleva dei tolv gradene det var ute, frå vindauget. dei galne britane kledde seg som om det var juli månad såklart.
men eg hadde med meg mandelcroissant heim. eg åt min halve i senga medan eg las ut boka mi.
me gjorde helga litt finare ved å baka. eg baka rugbrød og bananbrød, laga frukostblanding og laga all den beste maten (søtpotetnachos) til min sjuking.
til søndagsfrukost hadde me hasselnøttyoghurt og ferskpressa appelsinjuice.
*translation:
last week through my phone.