mariell hjartesmil

my summer to do-list – how it went.

før sommaren skreiv eg ei liste over sånt eg hadde lyst til å gjera. noko fekk eg gjort, noko ikkje, her har eg oppsummert korleis det gjekk:

1. gifta meg
eh JA! det er det finaste eg har gjort i heile mitt liv!

2. øva på bukett
øvde masse i vekene før, og buketten til bryllupet vart så HIMLA fin.

3. eta alle måltid ute
ja! så mykje som det gjekk åt me ute, til og med når det regna åt me ute.

4. prøva nye is-oppskrifter
laga mangosorbet og ein is med kondensert mjølk, vart så supergodt! har lagt basen for neste år, kanskje det blir året for iskremmaskin?

5. utekino
har ikkje gjort, men igrunn kun på grunn av været. så altfor altfor kaldt til å sitta ute etter det vart mørkt. hadde vore herleg å sett bring it on på eit teppe i graset.

6. lærekøyra
ja, bittelitt! morsommast var den veka då foreldrene til jostein var vekkreist frå garden, me køyrte pick-up rundt og rundt på jorda og eg skreik når eg kom i tredje gir.

7. skriva dagbok
ja! spesielt i vekene før bryllupet skreiv eg mykje, og trong å få skriva ting ut av hovudet. det dempa mykje stress og vonde knutar i brystet, er så takksam for det.

8. bokbyen i fjærland
ja! dagen før bryllupet, på veg mot åmot, stoppa me i fjærland for å eta og sjå på bøker. så, så herleg.

9. sova ute
nei! dette punktet skreiv eg fordi eg trudde eg hadde ein kjæreste som hadde lyst til å sova ute med meg. det viste seg å vera heilt feil.

10. brodera
har framleis ikkje gjort det, men er framleis sugen. dei siste dagane har eg fabulert om kva slags mønster eg skal brodera. kanskje brudebuketten min eller monogrammet vårt?

hugs at om du hadde mål du ikkje klarte å gjennomføra så er det ikkje så himla nøye! det viktigaste er at du satte dei måla i utgangspunktet! no gler eg meg til å finna ut kva hausten skal bringa.

ps: denne veka blir podcasten og nyhetsbrevet ekstra fint, så om du vil ha det i postkassa (gratis og enkelt som berre det!) så kan du melda deg på her: link. berre fyll ut eposten din og trykk på knappen!

*translation:
before the summer, i made a to do list of things i wanted to do this summer. to sum it up, i did: keep a journal, make ice cream, practice making a bouquet, eat all meals outside, drive (i don’t have a license!), visit the book town of fjærland and get married! i did not: set up an outdoor cinema, sleep outside, embroider anything.

  • Love
  • Save
    1 love
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...