mariell hjartesmil

the very long wedding Q + A, our answers.


her kjem eit gigantisk innlegg med svar om bryllupet! eg fekk nokre fine idéar til bryllupsinnlegg, så det kjem meir av det her framover. jostein har óg svart på ting han hadde noko han ville sei om, svara hans står i dei tilfella under mine. om to månader skjer det! om de har fleire spørsmål, still dei gjerne i kommentarfeltet også svarar eg etter kvart. :) alle bileta er linka til kjeldene sine.

hvilken mat skal dere ha?
mat er ein big deal for oss, og me booka den datoen me gjorde fordi christel eide kunne jobba den dagen. eg elskar maten og personlegheita til christel, og eg gler meg til å utvikla ein meny ilag med ho. enn så lenge har me ingen konkrete planar, det kan eg skriva meir om når me veit!

er det dere som pynter, eller gjør de på operagården det?
eg er faktisk ikkje heilt sikker på om dei pyntar alls, utanom borddekking og sånt såklart, men eg har ei massiv mengde papirbrettingsprosjekt på gang så eg kjem iallfall til å pynta óg. det er viktig for meg at det føles som oss når ein kjem inn i lokalet. :)

åh, jeg syns bryllup er så utrolig trivelig og gleder meg til å høre mer om det! men det jeg lurer på er hvordan jostein fridde?
takk! jostein fridde i kubaparken i oslo i 2010! så me har straks vore forlova i fem år. han hadde kjøpt ring frå galeries lafayette i paris, eg sat i parken og åt thaimat med venner og han skulle komma på kvelden. han sendt meg ein merkeleg melding om nokon eg skulle komma og møta men eg nekta sjølvsagt plent fordi eg er den merkeligaste personen i verda. så, då kom han til parken istaden og eg skjønte det straks på kor fint han hadde pynta seg og dior-posen han hadde i hånda. veldig udiskret og veldig oss. <3 han holdt på å fri framfor alle vennene våre men eg stoppa han (hahahahahaha) og drog han med bort til nokon tre så det berre var oss og eg fekk ikkje fram eit ord men berre nikka.

hvem skal fotografere bryllupet?
er SÅ glad for å ha booka ein bryllupsfotograf og tenkte å dedikera eit eige innlegg til det NESTE VEKE! åh, hatar når bloggarar seier sånt men det fortener eit eige innlegg. :)

du er jo miljøbevist til vanlig, er det noe dere tenker på iforhold til bryllupet også?
ikkje veldig bevisst, men bryllupet står jo i stil til måten me lever resten av livet vårt på. på åmot operagard er mesteparten av maten superlokal, og det føles bra. også kjøper me så lite som me kan. men me har óg litt skylappar på på akkurat den dagen, det trur eg at dei fleste har.

jostein seier: for min del trur eg ikkje at me har skylappar akkurat, men at miljøutfordringane i våre liv knyter seg ikkje til eit arrangement som dette, men heller til all reisingi vår og forventingar om å ha tilgang på alle moglege slags matvarer uansett kvar me er i verdi (slik sett er det jo herleg at dei på åmot er så opptekne av lokal mat).

hvordan velger man hvem som får komme? (det er noe jeg selv synes er vrient når man inviterer uansett, så forestiller meg at det er en utfordring når det kommer til bryllup). får for eksempel barn komme?
gjestelista er det vanskeligaste, det er ikkje tull når folk seier det. me har hatt tanken om at me skal invitera folk me begge kjenner og folk som me skulle sakna om dei ikkje var der. også var det viktig at det var likt på begge sider. til dømes inviterer me alle tanter, onklar og søskenbarn. me har ikkje invitert barn av søskenbarn sidan det er fest og seint (du kan lesa meir om oppdelingen av dagen og gjestene under her), men om nokon spør om dei får ta med sine små så seier me ikkje nei heller. :)

hva ser du mest frem til? hva ser jostein mest frem til?
eg ser mest fram til å slappa av litt, drikka vin med våre fantastiske familiar og venner og sjå på jostein og tenka FAEN SÅ KJEKK HAN ER og føla meg som verdens heldigaste.

jostein svarar: det punktet på kvelden der me har slutta å bry oss og berre slappar av og har det gøy med folki våre.

sosial media & bryllup: etikette?
eg har egentlig ikkje tenkt så mykje på dette med tanke på mitt eige bryllup, men eg er jo i kontakt med veldig mange brudepar via jobben og dei fleste har tankar rundt det. me kjem kanskje til å laga ein hashtag men gi forsiktige guidelines til kva som er ok å dela, tenkjer eg.

kjolen? blomstrene? maten? drinkene?
kjolen lagar synne, eg veit ikkje kvifor men eg vil ikkje snakka så mykje om den før den er ferdig! den blir ein kvit draum iallefall, og eg kjem til å føla meg heilt komfortabel. blomsterbuketten kjem eg til å laga sjølv, det blir eukalyptus med innslag av raudt og rosa. maten kan du lesa om litt over her, og drinkane blir god vin, lokalt øl og enkle drinkar (type g&t).

antall gjester, hvordan er sammensetningen, hvor godt kjenner gjestene hverandre fra før?
me blir rundt 30 til middag (vår næraste familie og vennene våre), også kjem det ca 50 til fingermat, kaker, vin og fest. :) familiane våre kjenner ikkje kvarandre i det heile tatt, men dei er alle sosiale folk som er flinke til å ta initiativet.

hvordan skal vielsen være?
veldig enkel og kort med vår beste prest, helene, og vennen vår erlend apneseth skal spela fele.

hva putter man på hodet?
eg skal ha ei gullkrone frå jenny packham, denne! men eg syns óg at alt frå jennifer behr og blomsterkroner er sjukt fint.

vurderte du å fri selv? (mener å ha lest det var jostein som poppa spørmsålet?)
nei, eg hadde eit veldig sterkt ønske om å bli fridd til! det kan ein jo syns kva ein vil om.

jostein seier: dette var jo òg fem år sidan! kanskje hadde me tenkt annleis om det i dag.

hva har du lyst til på frokost på bryllupsdagen?
egg, deilig brød og eplejuice. håpar eg klarar å eta! veit akkurat korleis frukosten er på åmot og GLER MEG SÅNN. me kjem til å reisa dit allerede fredagen, nemlig. :)

og skal dere holde tale til hverandre? har alltid synes det virker så skummelt å snakke om hvorfor man elsker hverandre foran så mange, og det å finne en balanse mellom å være oppriktig men ikke for personlig jeg troooor vi gifter oss helgen før dere så kjenner enormt på spenningen nå! skal du holde tale til jostein?
grattis! hurra! eg skal ikkje holda tale til jostein, eg gav meg sjølv den gåva tidlig i planleggingen sidan eg på ingen måte hadde gleda meg til bryllupet om eg skulle holda tale. har så innmari innmari frykt for å snakka framfor folk, så det kjem eg ikkje til å gjera. men jostein skal holda tale til meg, og eg gruar meg litt til alle tårene (sei ifrå om de har tips på bra vassfast mascara!).

håper du på overraskelsesutdrikningslag?
absolutt ikkje! eg veit når utdrikningslaget blir og kven som kjem, ellers hadde eg berre vore stressa for det. eg er ikkje superfan av overraskingar egentlig, spesielt når eg skal vera sentrum.

jostein seier: mariell likar å bestille overraskingane sine, så ho er budd på at dei kjem. «jostein, i helgi vil eg gjerne bli overraska!» «øh, okei!»

hva er dine tanker omkring utdrikningslag?
som eg ser på utdrikningslag er det berre ein LANG FEST med sine næraste venner og kven elskar vel ikkje tanken på det? eg veit at sara (forloveren min som planlegg mest) respekterar mine ønske om ein relativt rolig dag med ingen pinlige greier, det er få ting som gir meg the sadness så mykje som pinlige utdrikningslag der bruda klart er ukomfortabel.

jostein seier: me har eigentleg gått over til dei svenske termane svennsexa og møhippa, sidan det norske ordet er så grufullt usexy. Ein svennsexa kan eg tole.

hva er det viktigste elementet i bryllupet?
at me er omringa av folk som vil oss godt og er glade på våre vegne og at eg veit at alle i teamet på operagarden er så sjukt profesjonelle.

hva er det viktigste dere ønsker at gjestene skal huske?
ein avslappa og fin dag og kveld med fine samtalar og gode folk. myyyyykje smiling.

hvordan balanserer dere meninger og drømmer om bryllupet, du og jostein? vi jenter er jo kjent for å drømme lenge om bryllup, og jeg har selv plukket inspirasjon siden jeg var sånn ca 8. kan tenke meg at du har gjort det samme. gutter blir så ofte glemt eller stigmatisert når de snakker om bryllup, og det er sjelden de blir spurt sånn generelt før de er forlovet eller noe slikt om hva de drømmer om. skjønner at dere kommer til å ha ett fint tradisjonelt og familie/venne sentrert bryllup i fine omgivelser, men hvordan er det å planlegge så begge føler de får det de vil? har du følt at du har hatt mesteparten av “idéene”, eller sittet og tenkt mer på det enn ham?
bra spørsmål! det er sånn at eg ikkje egentlig var besatt av bryllup eller å gifta meg frå tidlig alder, men på grunn av jobben min som bryllupsfotograf og sjølvsagt det å vera født som kvinne er eg meir opptatt av bryllup enn jostein. MEN det er så himla viktig for oss begge at me planlegg ALT ihop. så eg rullar ikkje over han om noko i planleggingen, me skal vera like i bryllupet sånn som i livet. eg har absolutt meir idéar til korleis det skal sjå ut (eg er meir visuell) og småting som er gøyale å gjera (pga har pinterest-konto, ehe), men som sagt så bestemmer me ting ihop. er veldig glad for det.

jostein seier: av og til har det vore utfordrande, dette å skulle bestemme alt slikt ihop. litt sånn klisjéaktig «eg vil gjerne at du skal vera med, kjære, men eg ville føretrekt om du meinte det same som meg». eg har hatt veldig klare meiningar om nokre ting, ho om nokre, og me har vore ganske flinke til å vurdere kva som var viktig for den andre. og så er det jo berre éin dag i livet, me har — stortsett iallfall — greidd å ha perspektiv på at det er dumt om éin dag av lukke skal syrne mange av dagane før.

et spørsmål eller fem: hva tenker du om forventninger vs. virkelighet, litt som du snakket om med bursdager på podcasten? dette er jo noe man tenker umåtelig mye på og planlegger og ser frem til lenge i forveien.
eg har jobba med meg sjølv veldig mykje når det kjem til dette, og er endeleg ganske komfortabel med at alt kan skje. dagen kan planleggast ned til siste serviett, men når alt kjem til alt så kan alt falla ihop, eg og jostein blir framleis gifte og det er det viktigaste. dagen etter vil eg vakna og vera lett bakfull og glad fordi det var ein gøy fest, ikkje fordi det var perfekt.

jostein seier: eg trur verken mariell eller eg forventar at bryllaupsdagen skal vera den lukkelegaste dagen i livi våre. den lukkelegaste dagen i livi våre tippar eg me er heilt åleine, eller berre saman med alle borni våre (om eindel år altså), og eg tippar det skal vera færre kyrkjelege seremoniar og festtalar. bryllaup er rotute og gale, det skal dei vera. i eit bryllaup der alt går som planlagt, trur eg det har vore for låg takhøgd.

og hvordan velge sine forlovere? det tenker jeg meg at jeg ville syns var skikkelig vanskelig om jeg skulle gifte meg.
det er igrunn ganske vanskelig: ein må velga nokon som ein veit ein kan stola på og som kjem til å holda ein nede på jorda men óg ofra tid og krefter på ein. eg har mange slike personar i livet mitt, såklart, men sara er min nærmaste person og er superflink til å organisera.

gifte seg i bunad, yey or ney? nysgjerrig på tankene dine rundt det å gifte seg i bunad (min samboer har foreslått det for meg, enda vi ikke er forlovet…?)
eg syns det er supervakkert når ein går all inn på nasjonalromantikken med bunad og brurekrone, men for meg så kan ikkje ein bunad måla seg med ein brudekjole. eg har lyst til at folk skal kunna spørja “kvar er mariell” og sjå meg tre sekund etter fordi det stikk tyll gjennom dodøra. også elskar eg prosessen med å velga ein kjole som får ein til å føla seg spesiell og viktig, og eg hadde ikkje følt det når eg tok på meg bunaden min.

jostein seier: eg var nyleg organist i eit superfint bunadsbryllaup i borgund stavkyrkje, det kan vera heilt nydeleg. men berre om dei som giftar seg verkeleg vil det — ingen ser glade ut når dei er fanga i lag på lag med ull! sjølv elskar eg å gå i bunad, og gjer det så ofte eg kan, men eg hadde inkje ynskje om å bruke han i bryllaupet.

og rundt morgengave!
eg veit ikkje med jostein, men eg driv iallfall på med ei gåve til han. om det er morgongåve eller bryllupsgåve veit eg ikkje, det er ikkje så viktig for oss med dei tradisjonane. men eg hadde lyst til å gi han noko superfint, så da gjer eg det. :)

jostein seier: panikk!

og det jeg lurer mest på: har det gått opp for deg at dere skal gifte dere? hvordan føles det å skulle leve som mann og kone? blir hverdagen forandret på noe sett?
både ja og nei, igrunn! kan få så sjokksommarfuglar i magen når eg tenkjer på det, men eg trur ikkje ein heilt skjønnar det før dagen er der og kjolen er på veg på. det skal bli så fint å kunna sei mannen min og my husband. kvardagen blir den samme men litt viktigare og tryggare.

hvordan opplever dere det å bryte med bryllupstradisjoner (tenker på måten dere arrangerer dagen med vielse og midag bare med de nærmeste og fest med slekta etterpå) fra familie, slekt og venner?
det har egentlig gått veldig fint sett vekk ifrå litt uventa ubehagelighet, men det trur eg at ein berre må rekna med når ein arrangerer eit utradisjonelt bryllup. det har ikkje vore heilt ukomplisert og det har vore litt heartbreak, men det viktigaste er at dei som kjem har lyst til å vera der og er glade med oss!

jeg lurer på om dere skal på bryllupsreise?
me har kjempelyst på bryllupsreise, men me anar ikkje når me skal få tid til det sidan eg jobbar så innmari mykje etter bryllaupet. me håpar å få reist, til italia helst.

jostein seier: marmor- og sitronsafari. <3

jeg er nysgjerrig på hvordan musikklisten for bryllupet deres ser ut. skal dere ha musikkinnslag under vielsen, og hva med festen?
me køyrer rein speleliste på festen, og der blir det ein miks av alt mogleg som folk likar og vil dansa til. på vielsen blir det fele, meir enn det har me ikkje planlagt men det kan jo henda. me er jo omringa av flinke folk. :)

skal du og jostein dele en første dans, i så fall til hvilken sang og hvilken dans?

det skal me, men det blir ingen perfekt vals. berre klining og sirkling på dansegolvet! trur me held det hemmelig kva sang me vil ha, nokre overraskingar får gjestene våre få óg. skal såklart gi fullt referat etterpå!

jostein seier: … men det blir tretakt, må veta!

skal du ha både forlovelsesring og giftering, eller er det bare en ring? skal dere ha like eller forskjellige gifteringer?
me skal ha forskjellige. jostein har gått med giftering i fire år allereie, eg kjøpte ein ring til han då eg budde i paris, den er i matt gull frå cartier og eg elskar at han ser gift ut. den skal han ha som giftering. me skal kjøpa ny ring til meg, ein enklare enn forlovelsesringen min, men det er dyrt med ringar og blir ikkje ein prioritet for oss akkurat no. så eg skal bruka ein av mormor sine ringar fram til då. :) fint at ho får vera med på dagen óg sjølv om ho ikkje er meir.

gleder meg til å lese om bryllupet deres! skal dere og gjestene bo på operagården? hvis gjestene betaler for overnatting, hva tenker dere om bryllupsgave? blir det i tilfelle reise og opphold? og hva står egentlig på ønskelisten deres?
me skal bu på operagarden med vår nærmaste familie og fotograf, det er det akkurat plass til. dei andre gjestene bur på hotell eller campingplass i førde! me har laga ei ønskeliste på royaldesign.no, og den sender me til dei som spør spesifikt om ønskeliste. me tenkjer at folk får velga sjølv om dei vil gi gåver eller ikkje, og blir på ingen måte triste for å ikkje få gåver frå alle, men mange har lyst til å gi. me ønskar oss tradisjonelt servise frå royal copenhagen og litt mindre ting til heimen.

hvordan skal dere pynte til bryllupet og festen?
me skal pynta med blomar (kanskje markblomar?), papirpynt av ulike slag og ballongar.

skal vielsen være innendørs eller utendørs?
vielsen skal vera utandørs såframt været tillet det! det er så innnnnnmari vakkert i hagen der om sommaren, og sidan me ikkje blir så mange er det akkurat plass til oss der.

skal dere vies av en prest? beklager hvis det er et dumt spørsmål, det er lenge siden jeg har vært på bryllup!
det skal me! me skal viast av verdens herligaste prest, helene, som eg har all respekt i verden for. det var viktig for meg når me først skulle ha prest (det var viktig for jostein) at det var nokon eg likar og respekterer.

hva er dine tips for å lage budsjett til bryllup?
for vår del har det vore viktigast å bruka pengar på stressdemping og å vita at dei som driv på åmot operagard er så sjukt proffe. det er verdt alle pengane i verden for min del, sidan eg aldri hadde kunna slappa av om eg hadde heimebryllup. mine tips til budsjett er: ikkje kjøp ting du ikkje treng eller har lyst på, og la deg sjølv kjenna etter. for min del treng eg ikkje ein fancy bukett eller sexy undertøy (må le berre eg skriv det) eller ein ny blank ring eller frisør eller make up-artist. der sparar me ein masse pengar som blir frigjort, også kan ein bruka ein liten porsjon av pengane ein sparar på ting ein faktisk har lyst på. tips til det faktiske budsjettet er: bruk tid på det, bruk numbers/excel, og ver ærlig med deg sjølv når du fyller inn utgifter sjølv om det svir i egoet.

jostein seier: eit anna godt tips: ikkje gå på online shopping sprees åleine, sjølv kor fornuftig du måtte meine det er. nettbutikkar er laga til for at du skal miste kontrollen og tenkje at «det DER er jo supernyttig på dagen». lag ei liste over ting de treng å kjøpe, og bestem kven som skal kjøpe kva.

hva synes du er viktigst å bruke penger på?
eg syns det er viktigast å bruka pengar på mat og drikke, komfort og dei få og små tinga som får deg til å føla deg som a million bucks.

har du noen fine pinterest boards til inspirasjon?
ja! eg har denne som er generelt til bryllupsinspo og denne som er med berre blomar.

*translation:
a lot of answers about the wedding. if you have any questions, please feel free to ask them below and i’ll get back to you. :)

  • Love
  • Save
    8 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...