Det må vere lov å endre meining!


Eg har aldri likt teak noko særleg. Designet og dei fine beina har eg alltid likt, men ikkje fargen. Trudde eg! Plutseleg fekk pipa ein annan lyd.
Det starta med den lille kommoden eg fekk. Planen var å måle den. Men etter at den vart plassert i TV-stova, så kjente eg at eg likt den! Eg likte teak! Kva skjedde? Eg synast teaken passa så godt til pastellane i heimen vår. Det vart ein fin kontrast som gjer litt meir sjel til interiøret!
Eg måtte ha meir! Blir eg hekta, så blir eg hekta! Etter nokre tastetrykk på Facebook fekk eg napp på ein lang teakskjenk. Den vart min for ein 1000-lapp og no står den så fint under verdenskartet i spisestova. Eg elsker beina på den og den fine (!) varme fargen.
Forandrer du ofte meining angåande interiør?
Ha ein herleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)
  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...