Litt nytt på favoritt-skjenken


Mitt favoritt- møbel må vere den turkise skjenken i TV- stova. Den kom til oss på rein impuls. Ei dame eg kjenner skulle kvitte seg med den. Eg slo til og tok den med heim. Sjølv om eg egentleg ikkje hadde plass. Det ordna seg, og snart vart den måla turkis. Ikkje eit heilt vanleg valg. Men eg digga den fargen, og det gjer eg fortsatt :) I dag har skjenken fått litt nytt på seg.
Eg har lengta etter tulipaner. Dei er så fine! Crispy og rosa tulipaner. Gleda var stor når eg fann dei på Plantasjen :) Lysestakane har eg hatt ei stund, dei er frå Søstrene Grene.
Lampa er den eg hadde på leksepulten min som lita jente. Den var brun, men etter ein omgong med grøn spray så passa den mykje bedre inn i heimen vår :)
Eg håper onsdagen din er fin!
Klem frå Bjørg :-)
  • Love
  • Save
    1 love
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...