Ut på tur..


..aldri sur! Eg elsker å reise. Følelsen av å oppleve noko nytt ilag med dei eg er glad i, er veldig god! Denne sommaren reiser vi til Winchester i England. Det ligg ca 1 time med tog sør for London. Mannen har familie her, så vi har vore på besøk der nokre gonger før. Dette er ein veldig sjarmerande by, med mange gamle, koslege bygningar. I tillegg er der herleg shopping og mange fine spisestader. Vi skal bu i eit cottage. Viss du har sett filmen The Holiday, så skjønner du korleis dei ser ut :)
Bildet er frå forrige gong vi besøkte Winchester :) Sjølv om feiren for i år er sikra, så hindrer det meg ikkje å planlegge neste års ferie ;) Då frister det voldsomt å besøke Astrid Lindgrens verden i Vimmerby, som sjølvsagt ligg i Sverige.Hos oss er Emil, Pippi, Ronja, Maddicken og alle dei andre populære både for oss foreldre, Ariel og Hermine. Det må derfor vere supert å gå i denne parken der du finn Villa Villekulla, Katthult og alle dei andre stadane med tilhøyrade figurer i levande live.
Bildet er frå bildesøk på google. Det blir spelt skuespill der som vi besøkande endar midt opp i. Når skuespillet har pause, vandrer rollefigurane blant barna. Dei tar del i leiken, og eg tipper dette er meget populært for dei små. Eg for min del er meget fascinert av det nostalgiske interiøret, så det gleder eg meg veldig til! ;)
Bilde frå Bildesøk på google Når attraksjonen er så bra, er det berre å finne overnatting i nærheten, spør du meg! Eg tok eit søk på Vimmerby hos hotelspecials.no og der fann eg eit nydeleg, nostalgisk hotel frå 1860 talet; Vimmerby Stadshotel. Det ligg nært sentrum og Astrid Lindgrens verden. Og i tillegg serverer dei eigen barnebuffe, noko som passer bra for mine to kresne jenter ;)
Bilde frå hotelspecials.no
Eg trur at også neste års ferie er i boks ;)
Kva slags planer har du for sommaren?

Klem frå Bjørg :-)
  • Love
  • Save
    2 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...