I dag har me hatt første arbeidsdag som team 42 i Tulkarm, og...



Taybe sjekkpunkt


Keith på Taybe sjekkpunkt


Klementiner!


Huset vårt


Inngangen til kyrkja i Tulkarm


Mairtin and Keith på sightseeing i byen


Appelsiner rett ved huset vårt

I dag har me hatt første arbeidsdag som team 42 i Tulkarm, og vore med det forrige teamet ut for å få opplæring i det som snart kjem til å vera våre arbeidsoppgåver. Variasjonen i oppgåver og inntrykk er stor.

Dagen begynte kl. 3 om morgonen (natta?) og litt før 4 var Keith (frå team 41), Mairtin og eg på plass på Taybe sjekkpunkt. Då me kom var det allereie meir enn hundre arbeiderar i kø, som venta på at sjekkpunktet skulle opne så dei kunne komme gjennom til jobbane sine i Israel. Då sjekkpunktet opna kvart over 4, eit kvarter for seint, var stemninga allereie ganske spent. Dei som står i kø har arbeid dei må rekke, og viss ting går for sakte risikerer dei å miste jobben.

Ting fortsatte å gå veldig sakte og folk blei meir og meir frustrerte. Mange klatra over gjerder for å komme lenger fram i køen og fleire henvendte seg til oss, på arabisk, engelsk og hebraisk, for å be oss om å gjera noko. Dessverre er det ikkje mykje me kan gjera, anna enn å vise sympati, registrere det som skjer og prøve å ringe til “humanitarian hotline”. I etterkant fekk me vite at to personar var blitt dårlige i køen og måtte på sjukehus. Dette er heldigvis uvanlig, men ikkje overraskande når tusenvis av menneske er stua saman.

Neste post på programmet var diskusjonsgruppe på universitetet i Tulkarm der Mairtin frå Irland, 6 studentar og eg snakka om utdanning, ver i Noreg og Palestina og om familiane våre. Diskusjonsgrupper er ein viktig del av arbeidet vårt her og dei har to hovudformål, me skal få høyre om situasjonen her og dei skal få øve på å snakke engelsk.

På ettermiddagen gjekk me ein tur i byen og spiste is. Tulkarm er ein veldig hyggelig by, så eg gleder meg til å tilbringe meir tid her.

  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...