mariell hjartesmil

Q&A, five.

føler du at du har enda har igjen deler av jostein å bli kjent med, eller blir du stadig overrasket over han?
eg blir overraska heile tiden, og me blir stadig bedre kjent med kvarandre. føles veldig fint, som om eg aldri kjem til å bli utlært liksom

lurer veldig på hva du synes om monstermenneske? og om du har noen tanker rundt sykdommen hun har?
eg syns monstermenneske var ei utrulig bra bok, spesielt for meg å lesa den medan me dreiv på med boka vår sidan den handla så mykje om det å skriva. angåande ME så verken vil eller kan eg meina særlig mykje om det. syns det blir litt feil å skulla meina noko som helst om ein lidelse, egentlig.

hvorfor skriver du på nynorsk?
fordi.

lurer på kva erfaring du har med polaroid kamera? har du eit spesifikt å anbefala? eg har kikka på fujifilm instax mini 8. er vel mest tiltrukke av dei sjarmerande fargande kameraet kjem i (spesielt det blå). eg er ingen fotoekspert, men ynskjer og å kjøpa meg eit kamera som er litt bedre enn mitt crappy kompaktkamera som gjer heilt middels bra bilder. er det systemkamera som er greia no, dersom ein ikkje føler seg heilt klar for speilrefleks, eller kva? har du noko å anbefala? spør, sida det virkar som du er greit innafor når det kjem til kamera og kva foto angår ;) har lest ein del om samsung nx2000, veit du noko om dette ? :) takk for innspel på førehånd.
eg har dessverre ingen kunnskap om kamera som ikkje er mine eigne eller som eg er interessert i å kjøpa. anbefalar å søka opp kameraet i camera finder eller i grupper på flickr, der kan du sjå bilder tatt med kameraet du er interessert i, og det kan hjelpa veldig. instax-kamera er kjempegøy ihvertfall!

du skriver mye om feminisme og virker veldig trygg og bevisst rundt dette her med utseende og medias fremstilling av hva som er vakkert. jeg lurer på hva slags forhold du har til din egen kropp?
eg har eit typisk norsk forhold til min eigen kropp, trur eg. takksam for alt den gjer og for at den fører meg framover, men med både bra og dårlige dagar. det viktigaste er å vera sterk og frisk, sjølv kor klisjé-norsk det høyrest ut. eg snakkar aldri negativt om kroppen min, verken her eller i det virkelige livet, det er ein spiral med negativitet som eg ikkje er interessert i og eg orkar ikkje å vera rundt folk som får meg dit heller. aint nobody got time for that. det tek så mykje energi, og det er så uinteressant for meg.

hvordan gikk det med skjørtet du hadde lyst til å sy?
i seg sjølv gjekk det dårlig, men det står stadig på lista og eg håpar at eg får meir tid til sånt gøy i haust.

det virker som du er godt kjent i paris, har du noen fine gatekafeer eller barer å anbefale?
eg har masse bra paris-tips! nokre av dei i paris-kategorien, men dei fleste i guiden min. :)

var det noe spesielt positivt eller negativt med det å skrive en bok som du først innså i løpet av prosessen? hva ville du gjort annerledes neste gang? hva gjør du om motivasjonen og lysten til å skrive dabber av?
eg hadde ganske realistiske forventningar til korleis det skulle vera å skriva bok, igrunn. det einaste som overraska meg på ein negativ måte var kor lang tid det tok i produksjonen, altså språkvasken (spesielt sidan me er to personar som skal sjå ut som ein person i tekst) og korrekturen. det var smertefylt, men me lærte så himla mykje som me kjem til å ta med oss vidare.

akkurat no er me inne i ein bra stim der me skriv ein time kvar einaste dag. da kan me skriva to ord eller to tusen ord, men fokuset skal vera på boka i ein time. det er den mest fruktbare måten for oss å jobba på, sidan ein ikkje kan vera avhengig av å bli tatt av inspirasjonen eller motivasjonen kvar dag, det er jo ein jobb som alt anna. men om lysten nokon gong forsvinn, så vil eg først bli ganske trist også gi meg sjølv ein pause og håpa alt går tilbake til normalt.

*translation:
some answers to your questions.

  • Love
  • Save
    3 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...