mariell hjartesmil

books i’ve read lately.

1. middle stories, sheila heti. 2. egenmäktigt förfarande – en roman om kärlek, lena andersson. 3. colorless tsukuru tazaki and his years of pilgrimage, haruki murakami. 4. det blir aldri lyst her, tina åmodt.

1 . eg elska sheila heti sin roman how should a person be, og kjøpte deretter alle bøkene hennar. middle stories er ei novellesamling og debuten hennar, som var for meg som ei mørk miranda july. framleis morsom og varm men ganske mørk og twisted.

2. hadde lest så mykje om denne boka og var altfor utålmodig med å venta til den kom på norsk. så verdt det. ei enkel historie med stort språk, om makt mellom personar, egoet og kjærleik i heile spekteret. den handlar om esther som er forelska i kunstnaren hugo rask, dei innleder eit forhold som betyr meir for ho enn for han også blir det til ei suppe av forvirring og håplausheit.

3. murakami er jo min spirit animal, og eg elska dette universet like mykje som dei andre. altså veldig veldig bra. men eg skulle ønska den var så himla mykje lenger, som dei fleste murakami-bøker, fordi eg var frustrert-trist og ikkje åh-saknar-universet-trist då den var ferdig. ville ha så mykje meir informasjon om alle karakterane. boka handlar om tsukuru som bygger togstasjonar i tokyo og har eit ganske einsamt og rutineprega liv. han møter ei kvinne som heiter sara som han blir glad i og som overtalar han til å ta eit oppgjer med fortida si etter han har fortalt ho heile historia om då han vart utfrosen av vennegjengen sin for seksten år sidan. det handlar altså om tsukuri sitt dykk ned i si eiga historie for å finna ut kva som gjekk feil for å kunna eksistera fullt og heilt i notida. veldig spennande om vennskap og om sanning og å sjå seg sjølv gjennom andre sine auge.

4. fantastiske tina las eit utdrag av denne boka på sleppfesten vår, og sidan det har eg desperat venta på at ho skulle komma ut. sidan den kom i posten forrige veke har eg nytt den så inderleg, den er forvirrande og unik og så sterk i både innhold og språk. den handlar om sara og eli som flyttar fra storbyen til the middle of nowhere i finnmark, og livet deira der er påvirka av kulden og lyset men óg av deira respektive bakgrunnar og historiar og tidligare forhold. så elegant og intenst om makt i kjærleiksforhold, har sjeldan lest noko lignande. eg såg den for meg som ein mørk film med eit von trier-esque slør medan eg las. les den og kjøp den til folk du kjenner.

*translation:
these are some books i’ve read lately! in english, it’s sheila heti’s collection of short stories, middle stories, which i thought was like a dark miranda july-like collection. in a good way. and murakami’s latest which i loved but wished was longer. what have you read lately?

  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...