mariell hjartesmil

varmt under skjørtet.

photo.

kjære kjole- og skjørtpersonar! kanskje er du kald på rumpa eller på magen i desember? det er ikkje eg. eg har nemlig ein vidunderkur. la oss starta med strømpebuksene. eg brukar nokre fra asos i 200 denier, det finst litt forskjellige der men eg har dei fra curve-kolleksjonen, dei er høge i midja og supergode. nokre av dei har óg fleece på innsida! strømpebukser er kanskje mitt største problem som forbrukar, sidan eg har vondt i magen av kor kjapt dei fleste strømpebukser går ifra kvarandre. men desse tjukke fantastiske held i evighetar! når det er som kaldast har eg på meg to. eg handvaskar strømpebukser med litt vaskemiddel i vasken, og vaskar i vaskemaskin ein sjeldan gong. noko anna som er lurt er å passa på at ein ikkje har flisete negler, for det er verkeleg døden for strømpisar.

også må ein ha noko å ha over strømpebuksene! sidan tre-fire år tilbake har eg brukt tjukke spanx, dei har mange funksjonar: held magen og midja varm (tenk på det: om du ikkje har noko der er det faktisk rett inn til huden!) og held strømpebuksa oppe. det er det aller viktigaste for meg, sidan eg kan få dagen øydelagt av strømpebukseirritasjon om eg må gå og holda den oppe heile dagen. eg brukar sånne som går ned til kneet og opp til midja, det gjer óg at strømpebuksa held seg mykje lenger sidan ein får mindre slitasje mellom låra. så er det jo opp til den enkelte om ein vil ha trang og kroppsformande eller berre vera varm (og kunna pusta/sitta). for eit meir estetisk alternativ kan ein jo prøva mamelukkar!

korleis kler du deg under skjørtet om vinteren? vil gjerne ha alt av tips i kommentarfeltet!

obs: gløymte å sei det først, så her kjem ei oppdatering: eg har óg alltid på meg ein underkjole i silke, året rundt, det varmar i tillegg til å holda kleda reine så dei kan gå lenger mellom vask og ikkje bli slitt!

*translation:
i wear tights every day, since i don’t own a single pair of pants. your but or belly might be cold in december, but not mine! because i’ve got the perfect recipe. i use tights from asos in 200 denier, there are several different ones but mine are from the curve collection, they are high waisted and very comfortable. some of them even have fleece on the inside! tights are my one biggest issue being a consumer since they tend to fall apart so easily, but these are sturdy and last a very long time. when it’s super cold, i wear two at the same time. i hand wash them in the sink with some detergent, and in the washer sometimes.

and then you’ll need something to put over the tights! since three or four years ago i’ve used spanx (the thick kind), they have a lot of functions: keeps the stomach and waist warm (if you don’t have anything going up to your bra area, you’re basically naked in the waist!) and it holds the tights up. that’s the most important thing for me since i can have my day ruined by being annoyed by sagging tights. i use the kind that go down to the knee and up to the waist, it also makes the tights last longer since the wear between the thighs is minimized. then it’s up to you if you want one that is tight and shaping or just be warm (and able to breathe). for a more aesthetic alternativ you can try bloomers!

how do you deal with winter creeping in under your skirt? please leave all tips in the comments!

  • Love
  • Save
    19 loves 4 saves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...