mariell hjartesmil

in the mail.


laurdag kom denne fine pakken på døra, med gullband og glitter. den var frå elsa! historien går sånn: eg fann ein genser i new york som skreik elsa, sendte ho ein melding, ho sa JA, eg kjøpte den og sendte den til ho. og det er jo mykje meir sjarmerande med pakke i posten enn kontonummer og SWIFT-kodar. og den passa perfekt!


inni papiret låg dette: den siste boka til elsa (inred med vintage), og karameller frå pärlans.


så inspirerande bok!


og så gode karameller.


etterpå låg det glitter og stjerner overalt, som ein ekstra gåve i seg sjølv.


også tilbrakte eg resten av laurdagen sånn: ved pulten min, med karameller og bokarbeid. ps: har pensla glitterneglelakk på mobildekselet mitt, syns det vart så fint. det var min laurdag!

*translation:
on saturday, i got a package from elsa in the mail as a thanks for getting her the most awesome sweater when i was in new york! i got a copy of her new book and caramels from stockholm. the rest of my saturday was working on our book!

  • Love
  • Save
    5 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...