mariell hjartesmil

my 10 best buys of 2014.


vart veldig inspirert av emily sin oppsummering av sine beste kjøp i 2014. og sidan bloggverda er ein endelaus straum av inspirasjon/kopiering, tenkte eg at eg skulle gjera det same! så her kjem mine beste kjøp, alle kategoriar, også skålar me for at 2015 blir enda eit år av å kjøpa smart og lite!


1. perlecardigan.
etter ein fotojobb her i london befann eg meg i nærleiken av beyond retro og vips så var den der! 35 pund og ein kjærleik for livet. den kan gjera alle antrekk pynta, og gjer at eg føler meg SÅ fin. skal ta så innmari godt vare på denne.


2. marmor på kjøkenet.
i new york gjorde eg og jostein nokre veldig gode investeringar til kjøkenet vårt. me kjøpte innmari mange nye sleikepottar i silikon (éin som kun får brukast til sausar og saltmat (les:kvitlauk), resten er til baking og søtt). men det beste var desse to marmorkjøpa. ein morter fra whisk i williamsburg og ein kjøkkenredskapsboks fra crate&barrel. ja, koffertane våre var langt forbi det som var normalt tunge, men det var så verdt det. kjøkenet vårt er mykje finare no.

3. turen til new york.
utan tvil det dyraste eg kjøpte i fjor, men så verdt det. me feira våre 10 år saman, fekk ha litt ferie, henga med venner og utforska ilag. ikkje minst var det viktig å på ordentlig feira noko så stort, og berre gå all inn. berre sjå kor glade me var!


4. jernpanna.
i fjor var eg lei av å jobba med middels god teflonpanne som steikepanne. så, eg investerte i denne jernsteikepanna fra lodge (kjøpte mi på borough kitchen), den kosta rundt 50 pund men eg skal ha den i tiår framover.


5. hårklemmer fra paris.
i fjor var det store året for å kjøpa hårpynt i paris. eg kjøpte dei alle på le bon marche, og dei får meg i så bra humør. elskar tanken på at eg skal gå med dei når eg er gamal og grå i håret og at dei då plutseleg ser heilt nye ut igjen (dei små klemmene er forresten fra bando).


6. sofa.
i fjor kjøpte me sofa! den er liten og fin og passar perfekt til oss og leiligheten. den er akkurat stor nok til to personar eller éin person som tek seg ein lur. det føltest så voksent å kjøpa sofa ilag, ta halvparten frå kvar vår sparekonto også venta frå januar til april før den kom på døra.


7. bkr-flaska.
eg kjøpte denne flaska tidlig på året fordi eg visste at eg skulle reisa så mykje og hadde lite lyst til å måtta kjøpa tusen plastflasker med vatn på flyplassar og lignande. den er i glas med silikon rundt og er veldig tett, så fin å ha med seg på fotojobbar og lignande. den er fra bkr.


8. vintage-kart.
dette kartet over frankrike kjøpte eg på ellens antikk i lærdal. det kosta meg femti kroner, og passa perfekt på det minste soverommet i gamlahuset. det er nok eitt av mine beste kjøp nokonsinne.


9. krølltang.

dette er krølltanga eg alltid ville ha men ikkje visste at fantest. den lagar så fine bølger i håret, bølger som faktisk held seg i tre dagar og set gullkant på veka. den er fra remington, heiter pearl pro styler.


10. putin you can’t sit with us-nett.
dette nettet, fra faggot apparel og som sandra har designa, var eit av mine beste kjøp. har fått så mykje kommentarar på det og no har eg brukt det så mykje at det har smuldra opp. det kjem for alltid til å vera 2014-nettet.

*translation:
i found myself inspired by emily’s list of her top purchases in 2014, and thought i’d make one for myself! here are my best buys of last year, and here’s to this one being a year of buying smart and buying less. 1. vintage pearl embroidered cardigan: i just happened to stop by beyond retro after a photography job and there it was. i will treasure and take good care of this, it makes every wear feel special. 2. marble for our kitchen. we bought some marble in new york, from whisk and from crate&barrel. 3. the trip to new york. without a doubt the most expensive thing i bought in 2014. we celebrated our ten years of being together, and it felt right doing it big. look how happy we are! 4. cast iron pan. i was sick and tired of teflon, so i bought a cast iron frying pan from lodge. it will last me a lifetime. 5. hair stuffs from paris. makes me feel so pretty. bought at le bon marche. 6. sofa. last year was the year we bought a sofa! it’s just perfect for us. it’s tiny and fits us and our flat. from habitat. 7. bottle from bkr. it has made travelling and doing photography jobs better, which i thank it for. 8. vintage map of france. i bought this at an antiques shop in lærdal (norway), it cost me five pounds! 9. the curling iron i always wanted but didn’t know existed. it’s a remington pearl pro styler. 10. putin tote. i loved this tote bag to bits, it’s now resting in a shallow grave.

  • Love
  • Save
    15 loves 6 saves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...