linn heimtun

R O S A




ved inngangen til dette året bestemte eg meg for at dette skulle bli året då det kom litt farge på veggane i vårt veldig kvite hus lite ante eg då om at eg kom til å male ein halv vegg i stova rosa v e l d i g ROSA
det begynte med at eg drista meg til å male lyse-lyse grått på soverommet (bilder kjem), og fortsatte med altså me rosa i stova ....nå grublar eg på kvar eg kan male grønt *smile*
eg blir aldri lei kvitt, og heilt roleg kvitt interiør er nok ein evig favoritt men det finst for mange fine fargar til å ikkje omgi seg med nokre av dei ...på min måte
etter at eg oppdaga at ein kan prøve seg fram med fargar på sida til NCS, har eg nærmast blitt ein fargenerd! det er jo så kjekt å sjå korleis fargen endrar seg om ein legg til blått, tilsett litt meir svart, gjer fargen varm eller kald osv osv heilt nøyaktig korleis fargen blir på veggen ser ein jo ikkje, men ein får eit inntrykk, og ein kan "styre" fargen mot det ein ønskar
eg prøvde først ut to varme rosafargar, altså med litt gult i men enda opp med ein som er tilsatt litt blått, og då blir litt kaldare S 0520-R10B har eg på veggen nå men har veldig lyst å prøve same nyanse, men utan blått S 0520-R eller ein rosanyanse som er varm, for eksempel S 0520-Y90R

HER kan du gå inn og leike deg med fargar






  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...