mariell hjartesmil

friday at the RA.


på fredag hadde me utfluktsdag, og reiste på RA. eg er medlem der, føler meg så kul når dei scannar medlemskortet på veg inn på utstilling. akkurat no er det ei superkul arkitektutstilling der, veldig interaktiv.


det var så interessant å sjå korleis ein av utstillingane, som hadde lange sugerøyr som alle som ville kunne leika seg med, forandra romma på RA, som elles er ganske stive.


den eine installasjonen (den store tresaken øverst her) kunne ein gå opp i, og gjennom ulike kikhol kunne ein sjå på den historiske arkitekturen.


sugerørbygg og fine hagar.


etterpå delte me eit kakestykke og ein darjeeling i keeper’s house før me gjekk vidare ut på piccadilly.


me hang i bokhandel i rundt ein time, og etterpå gjekk me til nordic bakery der me delte eit paistykke.


eg er sjeldan så fornøgd som med filterkaffe og mjølk i. <3 og det var min fredag!

*translation:
on friday, we went to the RA to see the exhibition on architecture that’s on now, it was very good. we had cake at the keeper’s house, hung out in a book store and had filter coffee at nordic bakery, love love love filter coffee. and that was my friday!

  • Love
  • Save
    3 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...