mariell hjartesmil

march through my phone.


mars starta, fantastisk nok, med gelato ved themsen, og ein gigantisk plakat for the grand budapest hotel på togstasjonen. den var altså typ tre meter høg.


rainbow chard og fin tagging på ein vegg.


blomar eg tok med meg heim, og blomstrande tre eg møtte på gata den 4.mars.


frukost! og kaffe!


fine egg med fjør på, og grønnsaksdisplay utanfor the albion på ein fredag.


eg planla veggoppheng, og resultatet! så fornøgd.


me gjekk endeleg for å sjå grand budapest hotel, herregud så fantastisk. etterpå gjekk me i holland park som óg var magisk fint. så fin dag med sol i ansiktet og kyss bak busker.


meir frukost, og jobbefjes med macbook i bakgrunnen.


eg kjøpte drømmeplanta, monstera heiter den, og fekk eit brev av frøy med fin utklipt hest.


eit vakkert popcorntre bak broadway market, og blomar til salgs på borough market.


banan- og sjokoladepannekaker til lunsj ein dag, og fine sensing spaces-utstillingen på RA.


me var på lunsj hos dei som eig leiligheten me bur i, dei har kjøpt hus og under eit laminatgolv i det eine rommet skjulte det seg viktorianske fliser. omg så fint. og eg viste den rosa/lilla hylla i bokhylla vår!


eg snakka enda meir om bøker og viste fram desse fire fine som eg hadde lest (las så mykje i mars, elskar det) og sykla forbi fine hus i sør-aust-london, som fransk riviera men i eit skikkelig shabby strøk. det er noko av det beste eg veit med london, korleis ein aldri kan vita kvar det poppar opp vakre eller interessante område, butikkar, personar.


eg våga meg til peckham for første gong og forelska meg i the general store. fekk med meg nokon skattar heim. laurdag var me superforelska på matmarknad også på ein grasflekk etterpå.


me reiste på utforsking av enorm vintagebutikk/junk yard, og fann så mykje marmor. me kjøpte ei plate som var 70x90cm og tok drosje heim og så fint var det.


eg kjøpte 50 tulipanar i columbia road for ti pund. og på min siste jobbdag i mars, åt eg fire ruter sjokolade frå mast brothers og var sliten men fornøgd.

*translation:
my month of march through my phone. i’m hjartesmil on instagram too!

  • Love
  • Save
    6 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...