Det beste som er,
når ein har stått opp,
er å vite at ein kan legge seg igjen,
til kvelden,
trøytt og sliten etter lang dags virke
Godt å stå opp og godt og legge seg,
rundt rekna
Verre er det om ingen av delane er gode
Er ein av delane gode, er enda det godt
Men ingen, då sliten ein då
Og då er det ikkje det beste lenger
Og midt i alt,
en telefon til fastlegen med mine bekymringer ang smerte jeg har
Ikke så mye å gjøre med – legen er flink til å se fornuften når det går over stokk og stein i tankene 😅
Smerte kan gjøre så forskjellig oppe i hodet… men det er bare å ta det mere med ro en tid fremover…. om det hadde vore så enkelt… men må bare prøve
Roe ned 🙏
Av og til sit du berre og vil grine
Tårene ligg på kanten, men dei kjem ikkje lengre
Følelsar innvendig, ting som berre nesten kjem til overflata
Det bølger litt, men fossar ikkje over
Av og til er det slik, at skjoldet du har rundt deg, lagar brister
Skjoldet som er styrken din, sprekker opp, og smerte og mattheit sig inn
Du forsvarar deg som best du kan
For det er akkurat slik, det er ikkje så mykje anna som hjelper
Bruke tomheita som sig på, og snu den rundt
Bremsespora blir djupe, men du klarar det
Snuoperasjonen er vellykka og skjoldet tetnar til
Styrken er stabilisert til beste evne
Av og til skjer det, og gråten sit laust
Men det kjem ikkje ein lyd, ikkje ei tåre
Resignasjon
Du står i det, og stillheita lagar ikkje ein lyd
En trimrunde med gåing og jogging… med forsiktighet… er ikke helt i vater for tiden…
hmmmm det er litt slitsomt egentlig… men men…
Ut på tur!
🚶♀️➡️🤸♀️
Jeg er der, men vanskelig å se? 😀
En god tur har det blitt – og det kjennes ok ut å ha trent litt
❤️🌼❤️
Så er det straka vegen til begravelse
Det er så rart hvordan livet er nå… vi er liksom neste generasjon plutselig
Har du som er på min alder tenkt på det i det siste?
Jeg har jo mamma ennå, men de rundt på hennes alder, som er de eldste, forsvinner en etter en
Det er trist og vemodig
🌼❤️🌼
Det er rullede tepper og rusk og rask over alt
Å pusse opp bad er ikke bare bare….
Men vi er godt i gang – og det gledes til det er ferdig!
Også denne lille her som dukker opp hvert år, ut av ingenting liksom
I sprekker ved inngangsdøra
Så vakker!
Den lyser plutselig opp i hverdagen, og sier:
“titt tei, her er jeg, med lys og glede”
Når du føler deg som ein sprengt torsk eller hyse
Ja, det er eit uttrykk for ein følelse som du ikkje veit om er korrekt,
då du ikkje har vore korkje sprengt torsk eller sprengt hyse
Men det er noko som heiter det, har du høyrd,
og følelsen er der i allefall
Magen herkjer
Er det hamstring på gong – lagring for dårlegare tide?
Nei so pokker heller om du vil være med på det!
Her må det kraftige saker til!
Berre litt rein mjølk, gjer susen
Ta rennfart om du rekk før det går i ……
Du veit at den kjem, eller, kanskje tenkjer du at den ikkje kjem, for du er så forsiktig
Du er på toppen av ditt beste for tida
Det herkar her og der, men det er så vagt
Alt går sin gang og du hentar deg inn kva tid det skulle være
Mestringsfølelsen, som du takkar for kvar einaste dag, nesten
Litt slik “hengande i eit snøre” utan å vite det,
til snøret ryker og du faller med ein smell
Kva var det som skjedde der
Og fortumla som du er, klarar du ikkje innhente tråen med ein gong
Men du forstår det, og veit kva som gjorde at snøre røyk så inn i hampen, på ein to tre
Strikken var tøya til det ytterste og klarte ikkje belastninga meir
Denne gongen gjekk du for langt i dobbel forstand
Og du veit det og du visste det, men tok sjansen
Du ville og du maktet og du klarte det
Men det kosta en ny nedtur
Turen til Mosvarden kosta det som no er realiteten
Smerta og kvalmen har tatt overhånd
Energien er som blåst
Korleis kunne dette skje
Ja du verden, det skal ikkje mykje til for å forstå det
Innenfra – og advarselen gjaller i øyrene – “ikkje overdriv no då”
Men utenfra er det kanskje ikkje så forståelig
Det går alltid i bølger
Og siste tida har bølgene vore lave og rytmiske – gode
Det er ikkje mykje som skal til for å øydelegge rytma
Alt dette er kunnskap
Og du går rett i baret
Og med eit brak så det synger rundt øyrene
Så takk skal du ha, enno ein gong
Høgre sida er heilt på skeiva… jaja det går seg til
Takk for at du er for ivrig i alt du gjør….
Det er alt eller ingenting liksom…
Litt har det vorte betre på, i nåkre område kanskje
Læretida – roe ned meir – er der… men ikkje nok enno
Overkøyre advarslar – ikkje lytte til kroppen – tenkje at ditte går – ignorerar smerta som ligg og ulmar…
Sånn er det å være kronikar
Eller, sånn KAN det være
Og slik har EG det – og har det akkurat no
Litt slik “knust krabbe” og vàr for støy
Då er det dette med å beskytte seg
Skjerme seg og trå varsomt
Hjelper kanskje lite at badet er i opp-pussingsfase no då…
hehehe alt går!
Ditte også!
Det er snø ute igjen
Det ligger som eit kvitt teppe rundt oss her oppe i Varleite
Dagen har nett starta og eg trur den blir fin
Det blir mykje bråk i huset – ja med badet som skal strippast for flisar og slikt…. så eg tek meg ein tur ut eg då – og nyter stillheita frå naturen