mariell hjartesmil

august through my phone.


august starta med å komma tilbake til london etter ein herleg månad i norge. me kjøpte pizza borti gata og åt frukost lenge, lata som om me hadde ferie sjølv om me ikkje hadde det. eg kjøpte ein bialetti, ein espressolagar, og me drakk kaffi til frukost kvar dag.


eg såg fine bilar i shoreditch. dette er verkeleg bilen å ha om ein først skal ha bil.


eg sakna synne som me så nyleg hadde sett og kjøpte kjeksformer på borough kitchen.


jostein og eg hadde frysaren full av isbitar for den gode feriekjensla, og all kaffi som var til overs etter frukost fekk bli iskaffe på ettermiddagen. eg las ut fvonk, den var så-som-så, trur eg la igjen erlend loe i tenåra mine. ei veke eg ikkje hadde det så bra gjekk eg på blomsterhandling i n1.


eg redigerte bilder av esra sitt bryllup. <3 så fornøgd med desse bildene, og at det ikkje finst eit fnugg av instruksjonar. sånn ser heilt enkelt nygifte folk ut.


jostein og eg feira at me hadde budd i london i tre år med frukost på wolseley, og åt finlunsj ein kvardag.


mitt veldig vanlige fjes på eit tog, og min reiselektyre den helga eg var på trysil og tok bryllupsbilder. den var veldig amerikansk, men (såklart) veldig inspirerande, anbefalar den til alle som har lyst til å bli pepp og få lyst til å yta meir.


fin bryllupsdetalj i ida og ole sitt bryllup, og slitne meg etter ein veldig veldig lang arbeidsdag, type grina-over-tastaturet-for-at-alt-er-så-slitsomt. da hjelper det faktisk med litt eyeliner og leppestift og fløyelsband i håret når dagen er over.

nydelege ida og ole. har det så fint med å redigera bildene frå dagen deira. å, så fine folk.


eg og jostein våkna og ville ikkje stå opp så me spurte instagram om me fekk sova lenger og det fekk me. også, på den nest siste dagen i august stod eg i kø i fem timar med antony for å få møta murakami og få signert boka. egentlig var det berre 200 personar som skulle få møta han, men så fekk dei bedre tid og me kom akkurat med. eg var den nest siste personen, og han tok meg i hånda og eg var heilt mør og på gråten. kjemperart og fint at nokon ting framleis får vera store. det var min august! så fin og full og ein modell på livet eg vil ha: bryllup, mykje jobb, kjærleik, feiring og tårer. og no er eg så veldig veldig klar for haust.

*translation:
my month of august through my phone! i was so happy to be back in london, we got pizza down the street and i bought a bialetti espresso maker, admired cars and bought flowers and cookie cutters. i shot two weddings and loved it. i read #girlboss which was very american but (of course) very inspiring. i put on makeup after a whole day of frustrating work (so much so i was crying onto my computer), and it really helped to put a velvet band in my hair and some lipstick on. j and i woke up one day and didn’t want to get out of bed so we asked instagram for permission which was granted. the next to last day of the month, i stood in line for five hours with antony to meet murakami. we were actually far too far back in the queue to get to meet him and were waiting to buy a signed copy, but then they had more time than expected and let more of us in. i was the next to last person who got to meet him, he shook my hand and i was close to tears. so funny and great that some things can still feel big. that was my august! so lovely and full and an example of the life i want: weddings, a lot of work, love, celebration and tears. and now i’m so very very ready for fall.

  • Love
  • Save
    5 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...