mariell hjartesmil

our wedding, the afternoon.


oi, så overveldande det var med alle kommentarane som kom i går, nesten så eg er enda meir nervøs for å dela fleire i dag! men no kjem det iallfall. tenkte å først forklara litt om dagen vår på åmot operagard: på vielsen og middag var me ca 30 personar. me ville ha ein intim seremoni og ha berre våre aller nærmaste rundt oss da, og eg er så glad me gjorde det sånn. for det var så avslappa, så naturlig og så veldig veldig oss.

helene, som var presten vår (som me hadde med oss frå lærdal) er det finaste finaste mennesket, og gjorde heile opplevinga til noko heilt spesielt. føler meg så heldig for at me fekk ha ein prest som kjenner oss. på innmarsjen spelte vår gode venn erlend fele og gjekk inn med oss, liksom fulgte oss opp mot alteret. frøy sang rosearien frå figaros bryllup og eg skalv i kroppen av kor fint det var. etter vielsen og før middag reiste me på fotografering med heidi, men tenkte å ta dei bildene i eit eige innlegg. medan me var på fotografering drakk dei andre vin og berre hang i den nydelige hagen og snakka sikkert om kor fine me var!

me åt ein treretters middag som me hadde utarbeida menyen til sjølve, saman med kokken christel eide. maten var så vanvittig god, det var eit par talar og ein sang, så mykje latter og så herleg og boblande stemning. vennene våre overraska oss med ein kvartett-tale som framleis gir meg tårer i augene av å tenka på. og etter middagen gjekk me ut for å strekka på føttene også vips! kom det ein buss full av alle våre herlege slektningar som var klare for fest! meir om det i morgon.

alle foto: heidi furre

*translation:
more pictures from our wedding, from the ceremony and the dinner. we chose to only have our very closest around us for that and were a lovely group of 30 people. we were walked down the aisle by our friend erlend who played the fiddle and our friend frøy (who is an opera singer) sung the rose aria from figaros wedding that made my knees shiver. after the ceremony we went to take portraits, but i’ll share those later. at dinner, there were lovely speeches and a song, our friends did a surprise speech that still makes my eyes water just thinking about it. after dinner, we stretched our legs and got ready to party because a bus full of our relatives was about to roll into the farm! i’ll write about that tomorrow!

  • Love
  • Save
    3 loves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...