mariell hjartesmil

photo an hour sunday.


08:00
vaknar men vil ikkje stå opp. klarar akkurat å fiska helgeavisa opp i senga medan jostein er i dusjen. me abonnerer på financial times, avisa er så stor at ein ikkje kan lesa den nokon andre stader enn i senga.


09:00
jostein har første bursdagsdag, så eg er framleis i bursdagskomiteen! eg lagar ein skikkelig bra omelett med alt godt me har i kjøleskapet pluss espresso med bialetti. såå godt.


10:00
eg dusjar og sminkar meg og gjer meg klar og superskype!


11:00
men først: ein kakepause. for det er jo sånt ein må gjera når ein har bursdagshelg.


12:00 13:00
så skypar eg med sara! me spelte inn podcast, kanskje den beste så langt! eg likar så godt delen etter me har slutta å ta opp, når me snakkar om kva me snakka om.


14:00
eg laga lunsj av sånt me hadde heime: pasta, salat, paprika, agurk, pinjekjerner, avocado og feta.


15:00
ein liten pause frå dagen. jostein berre “me er så fine, må ta ein selfie!!!” men med litt mindre entusiasme kanskje. også skypa eg med frøy, som eg gløymte å ta bilder av. men her er iallfall eit bilde av ho!


16:00
koseryddar i heimen, ser på dei fine gåvene jostein fekk til bursdagen sin. carrie sin gåvelapp gav oss lyst til å gå på kalligrafikurs óg! dei hadde vore i japan og gav han japanske kitkat og to sjokoladar frå mast brothers!


17:00
tørka støv av hundane!


18:00
las i boka mi!


19:00
så gjekk me endeleg ut av huset! ein tur i solnedgangen, såååå himla fint. jostein laga søtpotetkarri til middag, me såg på dårlige krimseriar og sovna før midnatt.

*translation:
my very calm sunday. i cooked breakfast, cleaned and recorded a podcast with sara. and i only left the house as the sun was about to set.

  • Love
  • Save
    2 loves 3 saves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...