mariell hjartesmil

sogn.


det er sommar her i sogn, sjølv om vinden ruskar tak i syrinbuskene (som framleis blomstrar) og jordbæra i hagen lét venta på seg. tidlig denne veka slo me graset, og eg var med for første gong, lærte å kjenna musklar eg aldri har brukt før medan eg raka heile jordet med dei største tantebarna (eg var drillsersjant).


vesle t er ingen liten person lenger, men eit høgst tenkande vesen som stiller tusen spørsmål og snakkar om framtida. ho hugsar ting eg for lengst har gløymt at eg har sagt og vil vita meir om alt. eg hugsar første gong me plukka rips i buskene her på garden, berre me to, ho hadde kanskje femti ord i vokabularet og var så tillitsfull. då vesle s såg desse spurte han hvorfor har du nesten ingen bilder av meg? fordi han oftast går rundt mellom tre og busker og på låven og leikar i sin eigen fantasi, han har skapt heile verdenar som berre dei aller heldigaste får ta del i så lenge dei aldri prøver å holda han tilbake. dei lar meg hugsa så mykje av min eigen barndom, og eg er så takksam for å få ta del i deira.


seinare i veka køyrte me høy og eg imponerte bestefaren til jostein med mine høyballbæringskills. han sat på benken som me snikra til han i fjor og fulgte fornøgd med medan heile jordet sakte vart tømt. ein kan jo bli emosjonell av mindre, å tenka på kor mange år det har vore slått her før og kven som bar tungt på desse same jorda for femti år sidan, korleis det såg ut her da.


me et frukost ute kvar einaste dag, jostein kokar egg og kaffe på espressokanna, me set ut alt me har i kjøleskapet og lar oppvasken venta. sakte les eg meg gjennom ei veldig ambisiøs sommarbok og har alltid planar om meir enn eg klarar å få gjort.

*translation:
it’s summer here in sogn, even if the wind keeps blowing through the lilacs (still in bloom) and we’re still waiting for the strawberries. earlier this week, we cut the hay, and i joined in for the first time, got to know muscles i’d never used before, while raking the entire field with my niece and nephew (i was drill sergeant).

little t is no small person anymore, but a very rational being that asks a thousand questions and talks about the future. she remembers things i had long forgotten to have said and wants to know more about everything. i remember the first time we picked redcurrants in the shrubs here on the farm, just the two of us, she had maybe fifty words in her vocabulary and was so trusting. when little s saw these pictures, he asked why haven’t you got almost any pictures of me? because he’s always wandering around between trees and bushes and in the barn and playing in his own head, creating entire universes that only the luckiest get to take part of, and only as long as they never try to hold him back. they help me remember so much of my own childhood, and i am so grateful to be part of theirs.

later in the week we gathered the hay, and i impressed jostein’s grandfather with my bale carrying skills. he sat on the bench we made him last year and kept a pleased eye on the work, while the field was slowly emptied. one could easily be moved by less, thinking about all the years these fields were harvested in the past, the people who carried heavy loads here fifty years ago, and how it all looked back then.

we eat breakfast outside every day, jostein boils eggs and makes coffee on the stove top, we bring everything we find in our fridge and let the dishes wait. i’m slowly reading my way through a very ambitious summer book, and i’ve always got plans to do more than i am able to get done.

  • Love
  • Save
    2 loves 2 saves
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...