Eg er avhengig av..


..interiørblad! Og eg har mange, veldig mange. Eg klarer ikkje å kaste dei heller. Til mannens store fortvilelse. Dei samler seg opp i skap og i ein stabel att med sofaen. Som den interiørnerden eg er, så ser eg i blada igjen og igjen. Eg elsker all inspirasjon dei gjer meg. Å legge seg i sofaen med noko godt i koppen etter ungane har lagt seg og opne eit nytt blad, det er kos det!
Noko som er ekstra moro er at etter å ha blogga i over 5 år, så ”kjenner” eg mange interiørinteresserte som til stadig dukkar opp i desse blada. Eg må innrømme at det er ganske moro å få litt plass på glansa papir eg også av og til. I nyaste Boligpluss kom nemleg marmorbrettet mitt med på tips-sidene! Det synast eg er stor stas :)
Interiørblad er forholdsvis dyre. I alle fall viss du kjøper omtrent alle blad som er på markedet, slik som eg gjer ;) Difor er det lurt å sjekke Bladkongen.no for gode tilbod. Å abbonere er billegare, du får bladet rett i postkassa og du får det før ein får kjøpt det i butikken. Noko som er veldig positivt, spør du meg! Difor abbonerer eg på mange interiørblad sjølv.
Abbonerer du på interiørblad? Ha ein strålande dag!
Klem frå Bjørg :-)

//Dette innlegget er sponset//
  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...