Kjærleik til Pelargonia


Fingrane mine er definitivt ikkje grøne. Eg er dessverre skuld i at mange planter har enda sine liv og blitt gravlagd i komposten. Unnskyld! Men av ein eller anna grunn så får eg til pelargonia. Kanskje fordi dette er min absolutte favorittplante? Spesielt er eg glad i Dronning Ingrid. Kanskje kjærleiken eg har for dei, gjer at eg kan handtere desse? ;)
Når kuldegradene kjem, set eg plantane på eit gjesterom eller i kjelleren med tilgang til naturleg lys. Dei får omtrent ikkje vatn og går i dvale til ca mars. Då klipp eg dei ned, gjer dei ny jord, gjødsel og set dei i stove-vindauget. Samtidig tar eg avleggerar slik at samlinga veks litt kvart år.
Det er stor glede å kunne ta små avleggerar, plante dei og sjå at dei veks seg store og fine.
Nokre av pelargoniane står i stova vår heile sesongen. Andre får kome ut og pynter flott på uteplassen vår med sine fine rosa blomar. Det er viktig å fjerne blad og blomster som visnar, så blir pellisen stor og flott :)
Det finns sikkert metodar som er meir "riktig", men dette har fungert for mine i alle fall :)
Har du grøne fingrar?
Klem frå Bjørg :-)
  • Love
  • Save
    Add a blog to Bloglovin’
    Enter the full blog address (e.g. https://www.fashionsquad.com)
    We're working on your request. This will take just a minute...